USA vil vinna attende Tyskland
USA godtek den store gassrøyrleidningen mellom Russland og Tyskland. Biden-regjeringa inntek ei meir pragmatisk line overfor Russland enn Trump-regjeringa, meiner Julie Wilhelmsen ved Nupi.
Angela Merkel har fått viljen sin overfor Joe Biden, som har sagt ja til gassrøyrleidningen Nord Stream. Her frå yngre år, biletet er teke i 2013. Dei to har ikkje møtt kvarandre etter at Biden vart president. Angela Merkel har fått viljen sin overfor Joe Biden, som har sagt ja til gassrøyrleidningen Nord Stream. Her frå yngre år, biletet er teke i 2013. Dei to har ikkje møtt kvarandre etter at Biden vart president.
Foto: Markus Schreiber /( AP / NTBFoto: Markus Schreiber /( AP / NTB
Det er visse signal om at Biden-regjeringa har innteke ei meir pragmatisk line overfor Russland og Putin-regimet. Sist veke trekte Biden-regjeringa tilbake sanksjonstrugsmålet mot dei selskapa som skal ferdigstilla den store gassrøyrleidningen mellom Russland og Tyskland, Nord Stream, som USA har vore sterk motstandar av i mange år. Samstundes har Biden sagt seg viljug til å møta Putin i Genève den 16. juni, ein mann Biden berre for kort tid attende kalla «ein mordar». Julie Wilhelmsen er seniorforskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (Nupi).
– Kvifor seier Biden-regjeringa no i praksis ja til Nord Stream? Er ikkje det å gje Putin ein siger?
– Nei, det vil eg ikkje seia. Eg ser dette som noko USA primært gjer for Tyskland. At USA no opphevar sanksjonane mot selskapa, samsvarer med det Biden har signalisert, at han vil sameine USA med dei allierte. USA skal no koma attende som leiar på den internasjonale arenaen. Biden-regjeringa ser nok kor viktig Nord Stream er for Tyskland, og at denne saka er viktig for at USA skal ha eit godt tilhøve til Tyskland. Eit godt tilhøve mellom USA og Tyskland kan til dømes gjera det lettare for USA å få med dei store europeiske landa på ein felles strategi overfor Kina.
– Det er no likevel ein siger for Russland?
– Du lyt hugsa at dette er eit komplekst spel. Her er det veldig mange aktørar, og USA er avhengig av å vinna attende dei store europeiske landa. For det andre er det nok ein viss tvil i delar av den amerikanske makteliten om kor fornuftig det er berre å kutta ut all kontakt og straffa Russland på alle felt. Det er nok ein del som ynskjer ein meir pragmatisk politikk på nokre felt, for å kunna føra ei meir konfronterande linje på andre og samstundes unngå ei farleg eskalering. Toppmøtet er nok eit døme på det.
– Men no kan vi faktisk seia at Biden har ein meir imøtekomande politikk enn Trump, som hadde mykje godt å seia om Putin?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.