USA vil vinna attende Tyskland
USA godtek den store gassrøyrleidningen mellom Russland og Tyskland. Biden-regjeringa inntek ei meir pragmatisk line overfor Russland enn Trump-regjeringa, meiner Julie Wilhelmsen ved Nupi.
Angela Merkel har fått viljen sin overfor Joe Biden, som har sagt ja til gassrøyrleidningen Nord Stream. Her frå yngre år, biletet er teke i 2013. Dei to har ikkje møtt kvarandre etter at Biden vart president.
Foto: Markus Schreiber /( AP / NTB
Samtalen
Julie
Wilhelmsen
seniorforskar ved Nupi
Aktuelt
Joe Biden har sagt ja til Nord Stream
Samtalen
Julie
Wilhelmsen
seniorforskar ved Nupi
Aktuelt
Joe Biden har sagt ja til Nord Stream
jon@dagogtid.no
Det er visse signal om at Biden-regjeringa har innteke ei meir pragmatisk line overfor Russland og Putin-regimet. Sist veke trekte Biden-regjeringa tilbake sanksjonstrugsmålet mot dei selskapa som skal ferdigstilla den store gassrøyrleidningen mellom Russland og Tyskland, Nord Stream, som USA har vore sterk motstandar av i mange år. Samstundes har Biden sagt seg viljug til å møta Putin i Genève den 16. juni, ein mann Biden berre for kort tid attende kalla «ein mordar». Julie Wilhelmsen er seniorforskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (Nupi).
– Kvifor seier Biden-regjeringa no i praksis ja til Nord Stream? Er ikkje det å gje Putin ein siger?
– Nei, det vil eg ikkje seia. Eg ser dette som noko USA primært gjer for Tyskland. At USA no opphevar sanksjonane mot selskapa, samsvarer med det Biden har signalisert, at han vil sameine USA med dei allierte. USA skal no koma attende som leiar på den internasjonale arenaen. Biden-regjeringa ser nok kor viktig Nord Stream er for Tyskland, og at denne saka er viktig for at USA skal ha eit godt tilhøve til Tyskland. Eit godt tilhøve mellom USA og Tyskland kan til dømes gjera det lettare for USA å få med dei store europeiske landa på ein felles strategi overfor Kina.
– Det er no likevel ein siger for Russland?
– Du lyt hugsa at dette er eit komplekst spel. Her er det veldig mange aktørar, og USA er avhengig av å vinna attende dei store europeiske landa. For det andre er det nok ein viss tvil i delar av den amerikanske makteliten om kor fornuftig det er berre å kutta ut all kontakt og straffa Russland på alle felt. Det er nok ein del som ynskjer ein meir pragmatisk politikk på nokre felt, for å kunna føra ei meir konfronterande linje på andre og samstundes unngå ei farleg eskalering. Toppmøtet er nok eit døme på det.
– Men no kan vi faktisk seia at Biden har ein meir imøtekomande politikk enn Trump, som hadde mykje godt å seia om Putin?
– USAs utanriks- og tryggingspolitikk vert aldri forma berre av presidenten. USA var ikkje berre Trump i hans tid. Under Trump vart på ingen måte det samla resultatet ein imøtekomande politikk overfor Russland. Den amerikanske avskrekkingspolitikken mot Russland i Europa vart tydelegare under Trump. Det var med han vi fekk eit mykje sterkare amerikanske militært avtrykk i dei arktiske områda. USA er meir enn presidenten. Vi ser det same under Biden. Han prøver å skaffa seg handlingsrom for å føre ein meir pragmatisk politikk og unngå ytterlegare eskalering i tilhøvet til Russland. Samstundes har han ikkje noka særleg sterk ryggdekning for å kunne koma Russland i møte. Hillary Clinton og Nancy Pelosi vil ha ei mykje hardare line overfor Russland. Men det vert ei blanding, som alltid. Å halda Nato unna Ukraina er fundamentalt viktig for Putin, men det ser ikkje ut til at USA vil koma han i møte der. USA gjev seg på Nord Stream, samstundes som dei vil gje tilskot til å byggja opp det ukrainske forsvaret.
– At Kviterussland no «kapra» eit fly frå Ryanair, var det ei kviterussisk eller ei russisk handling?
– Det var heilt klart ei kviterussisk handling. Du kan sjølvsagt seia at Russland er særs viktig for utviklinga i Kviterussland, som er heilt avhengig av Russland. Men Aleksandr Lukasjenko (den kviterussiske presidenten, red. merk.) har alltid søkt å vera uavhengig der det er mogleg, særleg sidan 2014, då Russland gjekk inn i Ukraina. Dessutan er tilhøvet mellom Moskva og Lukasjenko ikkje heilt ukomplisert.
– Korleis då?
– No etter valet i Kviterussland, til dømes, såg vi at Moskva i byrjinga nølte med å støtta Lukasjenko. Moskva såg at det kanskje kom eit regimeskifte, og var difor varsam med å fordøma opposisjonen. Men når Lukasjenko no krigar mot alt som kan krype og gå av opposisjon, er det nokså likt det som skjer i Russland, som i praksis no stengjer det meste av kritisk presse gjennom å kalla dei «framande agentar». Går ein inn på kritiske medium som Meduza.no, står det fyrst side opp og side ned om at nettstadene er framande agentar. I praksis kan dei ikkje overleva.
– Så Lukasjenko veit at han kan halda på i fred frå Russland?
– Ja, også han stengjer ned nettstader og kneblar all opposisjon i landet. Men denne «flykapringa» og arrestasjonane av redaktørar og den diktatoriske politikken er nok noko han held på med uavhengig av Moskva, men samstundes reknar han med at slikt kan han halda på med utan at Russland sluttar å senda den billige gassen til Kviterussland. Vi snakkar neppe om instruksar frå Russland her.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Hillary Clinton og Nancy Pelosi vil ha ei mykje hardare line overfor Russland.
Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.