USA stangar i taket
USA har ein vonlaus budsjettprosess og hadde alt før pandemien eit hårreisande høgt underskot. Men Harald Magnus Andreassen trur at Kongressen til slutt gjer det rette.
Den amerikanske finansministeren Janet Yellen har gong etter gong åtvara Kongressen om at verdas finansmarknadar kan smelta ned om det amerikanske gjeldstaket ikkje vert heva.Den amerikanske finansministeren Janet Yellen har gong etter gong åtvara Kongressen om at verdas finansmarknadar kan smelta ned om det amerikanske gjeldstaket ikkje vert heva.
Foto: Greg Nash /Reuters / NTBFoto: Greg Nash /Reuters / NTB
USA har ei gjeld på 28,4 billionar dollar, eller 28.400 milliardar dollar. Oljefondet er til samanlikning på 1400 milliardar dollar. Neste år trur Kongressens budsjettkontor (CBO) at 22 prosent av det føderale budsjettet – det som vert kontrollert av Kongressen og Biden-regjeringa – vert finansiert gjennom lån, før renter. Eit par–tre år til med dette og den føderale gjelda vil passera 1 million kroner per amerikanar. I dag, fredag 1. oktober, avgjer Senatet om dei vil heva gjeldsgrensa. Seier dei nei, vert det nye tingingar. Absolutt siste frist er truleg 18. oktober. Harald Magnus Andreassen er sjeføkonom i SpareBank 1 Markets.
– Er den amerikanske gjelda for stor? Er det sluttkøyrt?
– Den amerikanske gjelda er eit resultat av budsjettpolitikken og økonomien. Dei har ein sterk nok økonomi til å gjennomføra ein slik gjeldsauke over statsbudsjetta gjeve at rentenivåa er låge. I teknisk forstand er ikkje ei gjeld på noko over 1 x BNP noko ein bør uroa seg over. Men amerikanarane vil ikkje betala for det dei får frå staten. Dei vil ikkje verta skattlagde på det nivået som utgiftene tilseier. Før covid gjekk dei med eit underskot på statsbudsjettet svarande til 7 prosent av BNP, og før covid var USA inne i ein høgkonjunktur. Underskotet var hårreisande stort samanlikna med andre land. I Europa låg underskota på 1 prosent av BNP.
– Men veljarane røystar på slike politikarar der borte?
– Ja. Men problemet er ikkje dei høge offentlege utgiftene, føderalstaten i USA har ikkje så høge utgifter, men dei har altfor låge inntekter til å finansiera dei trass alt låge utgiftene. Staten maktar ikkje, eller ynskjer ikkje, å henta nok pengar frå privat sektor. USA har skaffa seg eit strukturelt underskot som til og med er stort under særs gode tider i økonomien, men der rentenivået etter finanskrisa har halde fram med å vera særs lågt.
– Ok, då er vi samde om at USA, om dei vil, kan betala den føderale gjelda. Men verdas obligasjonsmarknader er baserte på amerikanske gjeldspapir. Om dei som arbeider med slikt, misser tilliten til føderalstaten, kan alt mogleg negativt skje?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.