Uro i Hong Kong

Demonstrasjonane i Hong Kong vert stadig meir valdelege. Det stiller Kina andsynes eit vanskeleg val, seier Torbjørn Færøvik.

Politiet avfyrer tåregass mot demonstrantar i Hong Kong onsdags kveld.
Politiet avfyrer tåregass mot demonstrantar i Hong Kong onsdags kveld.
Publisert

I skrivande stund står store mengder pansra køyrety på den kinesiske sida av grensa mellom Hong Kong og Kina. Det varslar ikkje godt, trur Torbjørn Færøvik, som har skrive ei rekkje bøker om Kina.

– Kvifor står desse køyretya der?

– Det har vore slike meldingar dei siste dagane, om oppbygging av makt på kinesisk side. Det har heile tida, sidan demonstrasjonane byrja, vore ein fare for at Kina grip inn. Føresetnaden er at det lokale politikorpset ikkje maktar å få kontroll over situasjonen. Avtalen med britane frå 1997, då Storbritannia gav Hong Kong attende til Kina, opnar for at dei lokale styresmaktene på halvøya kan be regimet i Kina om hjelp dersom dei taper kontroll.

– På kva vis kan «hjelpa» koma?

– Kina har eit stort mobilt politi, eit ambulerande brannkorps, kan vi kalla det. Denne styrken, hevdar mange, har no vorten mobilisert, og står klar. Grannebyen til Hong Kong i Guangdong (som før vart kalla Kanton, red. merk.) er Shenzhen, som få har høyrt om, men som faktisk er større enn Hong Kong. Også Shenzhen har ein stor politistyrke som kan rykka inn på kort varsel. Alternativet er å bruke Folkets frigjeringshær. Dei har 10.000 mann inne i Hong Kong, men dei har halde seg i brakkene heilt sidan 1997. No kan det vera at dei vert bedne om å gripa inn.

– Men vil det vera legitimt?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement