Under åtak frå aust

Regjeringa påstår at Russland har gått til dataåtak på Stortinget. Karsten Friis ved Nupi meiner regjeringa bør gje fleire og betre opplysningar.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) møtte tysdag pressa ved Utanriksdepartementet for å fortelje at Russland står bak eit datainnbrot mot Stortinget.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) møtte tysdag pressa ved Utanriksdepartementet for å fortelje at Russland står bak eit datainnbrot mot Stortinget.
Publisert

Alle som veit litt om Russland, veit at den russiske staten, eller grupper knytte til den russiske staten og etterretningsvesenet deira, FSB, driv med dataåtak. Det er til dømes heva over all tvil at grupper knytte til den russiske staten braut seg inn på serverane til Det demokratiske partiet i USA før førre presidentval. Men tysdag denne veka gjorde den norske regjeringa og Utanriksdepartementet noko nytt: Dei gjekk ut og sa at den russiske staten hadde trengt seg inn på serverar knytte til Stortinget. UD sa at dette var uakseptabelt. Men kvifor seia frå om det vi alle veit? Karsten Friis er seniorforskar og leiar for Forskningsgruppen for sikkerhet og forsvar ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Nupi.

– Kvifor seier vi frå no? Er det så lurt å tirra bjørnen?

– Det har på eit vis vorte ein ny trend der ute. Fleire andre land har gått ut og skulda Russland for dataåtak, sjølv om vi alle veit at det ikkje er noko nytt i desse åtaka. Slike åtak har gått føre seg i mange år. Vona er vel at dei skal verta skjemde, at det å gå ope ut vil avskrekka dei. Tanken er at dei ikkje liker å få eit slikt press mot seg.

– Men det er vel ikkje nett skamkjensle som har prega Putin-regimet. Det har vorte avslørt mykje ulikt gjennom åra, men dei endrar ikkje kurs?

– Det er ei løynleg von om at eit auka trykk vil kunne vera i det minste litt avskrekkande. At vi og andre land no seier frå, er ein freistnad på normbygging. Men om det fungerer mot Russland, vel, det kan vi alle gjera oss ulike tankar om.

– Men det å tirra Russland er ikkje utan konsekvensar. For fem år sidan sleppte dei over 200 asylsøkjarar kvar dag over grensa. Bør vi ikkje fyrst og fremst vera varsame?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement