Kommentar

Alt dette kunne vore unngått

Lakseluslarvekvotehandel kjem neppe til å gjere oppdrettsnæringa etisk forsvarleg.

Vintersår er ein vanleg bakteriesjukdom hos oppdrettslaks. Hardhendt avlusing gjer laksen meir utsett for slike infeksjonar.
Publisert Sist oppdatert

Tittelen på stortingsmeldinga regjeringa la fram rett før påske, var lystig og visjonær, slik oppdrettssjargongen ofte er: Fremtidens havbruk. Bærekraftig vekst og mat til verden. Men innhaldet er langt krassare enn i stortingsmeldingar flest. Havbruksmeldinga feller i praksis ein knusande dom over forvaltinga av oppdrettsnæringa og foreslår eit heilt nytt regime som skal gjere norsk havbruk meir berekraftig og etisk forsvarleg.

Kva som er att av denne meldinga når Stortinget har handsama ho 12. juni, står att å sjå. Det er dårleg timing for tverrpolitisk semje. I eit valkampår er dette eit høve til å markere seg, og Høgre, Frp og Venstre har alt kome med kritiske merknader som liknar mykje på dei næringa sjølv har kome med.

Men først: Kva problem er det havbruksmeldinga tek tak i?

«Insentiv»

Kort fortalt skildrar Fremtidens havbruk ei særs lønsam og produktiv næring som har alvorlege problem med berekraft og dyrevelferd. Regelverket og kontrollsystemet klarer verken å verne ville laksefiskar mot lusesmitte frå anlegga eller å sikre velferda til fisken i merdane. Omstendelege formuleringar i meldinga fortel om ei mild og mislukka forvalting: «Dagens reguleringer gir insentiver til ikke å tilstrekkelig ivareta dyrevelferden», «Dagens system gir ikke aktørene gode nok individuelle insentiver til å løse miljøutfordringene», og så vidare.

Ein sjeldan gong gjev meldinga òg reine ord for pengane: «Akvakulturnæringen må ta bedre vare på dyrene sine. Dødeligheten for oppdrettsfisk er for høy, og har vært for høy over tid.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement