Leiar
Bruk og kast
Nordmenn er meistrar i overforbruk.
Nordmenn både handlar og kastar mykje. Biletet er frå Haraldrud Gjenbruksstasjon, returstasjon for klær og tekstiler i Oslo.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Enkelte gonger kan mediesaker gje inntrykk av at berekraftig forbruk, «shoppestopp» og bruktkjøp er trendy. Det stemmer nok innanfor visse mindre krinsar. Men det finst ein trend som er langt meir omseggripande her i landet, og det er bruk og kast-forbruket. Ifølgje OECD er vi nordmenn blant dei som har det høgste materialforbruket i verda.
Denne veka kom to rapportar som på ulikt vis synleggjer nordmenns overforbruk. Den eine er e-handelsrapporten frå PostNord, som viser at 82 prosent av nordmenn har handla på nettet den siste månaden, og at heile 41 prosent av dei som handlar på nettet, handlar frå den kinesiske nettportalen Temu. Temu har slege seg opp på å selje leiker, smykke, klede, elektronikk og andre varer til ekstremt låge prisar. Nett no kan ein kjøpe eit kjøttermometer til 25 kroner eller fjellsko til 125, for å nemne to tilfeldige produkt.
Skadelege stoff
Men medaljen har ei bakside. Då Miljødirektoratet kontrollerte 13 Temu-produkt i februar i år, kom det fram at åtte av dei inneheldt fleire helse- og miljøfarlege stoff. Når prisane er så låge som dei er, må ein også kunne spørje kor berekraftig resten av produksjonen kan vere. Heilt sikkert er det at folk lèt seg lokke til å kjøpe meir enn dei treng. Mange produkt vert frakta frå den eine sida av verda til den andre, berre for å hamne i bosskassa.
Den andre rapporten kom frå eit ekspertutval nedsett av regjeringa. Ekspertane tilrår 79 ulike tiltak for å få ned forbruket, blant anna ved å bruke ting lenger og ved å reparere i staden for å kjøpe nytt. Blant tiltaka finn vi avgift på tekstilar og plastemballasje, støtte til reparasjonar og eit utvida produsentansvar for avfall. Bakteppet er alvorleg: FN meiner at den globale produksjonen og det globale forbruket har overstige den langsiktige tolegrensa på kloden.
Må handle
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.