Intervju
Forvirrande matvareprisar
Regjeringa kalla daglegvarebransjen inn på teppet for å få forklart prisen på fiskebollar og leverpostei. Kva kom ut av det?
Regjeringa vil finne ut kvifor daglegvareprisane har auka dei siste åra.
Foto: Heiko Junge / NTB
Statsminister Jonas Gahr Støre har ytra frustrasjon over dyrare matvarer og forvirrande fordelsprogram. Kvifor har leverposteien og fiskebollane stige så mykje i pris? I løpet av kort tid har regjeringa varsla nye tiltak for å auke konkurransen i daglegvaresektoren og kalla bransjen inn til møte. Men det har også tidlegare regjeringar gjort – utan synleg effekt. Kan det verte annleis denne gongen?
Dag og Tid snakkar med statssekretær Vegard Grøslie Wennesland (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet.
– Regjeringa kalla nyleg daglegvarebransjen inn til møte. Kva var de mest bekymra for?
– At matprisane har auka, og at det får effekt på lommebøkene til folk.
– Kan de etter møtet slå fast at matprisane er for høge?
– Vi er opptekne av at prisane skal vere rette. Når prisane på mat dei siste åra har gått opp meir enn prisane elles, må vi finne ut kvifor, og kva vi kan gjere med det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.