Utanriks
Ukrainske slagmarker: gata, biblioteket og kyrkja
Førre veke var eg invitert til å snakke i eit landsens bibliotek i Poltava-regionen. Det viste seg å vere hypermoderne.
Klosteret og den overdimensjonerte Jomfru-kyrkja i Kozelshchina er underlagde Moskva-patriarkatet, så her får portrettet av tsar Nikolaj 2. henga i fred.
Foto: Serge Krinitsia / Wikimedia commons
For nokre dagar sidan kom kona mi oppøst heim og sa at i Vladimirskaya nær ved var det skyting, og nokon var drepen. Eg freista finne ut kva det var ho hadde sett. Ho sa at om lag hundre meter frå hovudkontoret til den ukrainske tryggingstenesta var det mange politifolk, to sjukebilar og ein blodig ung mann som låg urørleg på fortauet i nærleiken av verksemda som driv med valutaveksling.
Like ved han er det ein mann med mikrofon som roper noko.
– Kva slags mikrofon, spurde eg overraska.
– Med ein radiomikrofon og forsterkar på fortauet nær føtene hans, svara ho.
– Kan hende er det ein slags dramatisert protest, sa eg tvilande.
– Nei, fyren som låg på bakken, var utan tvil daud. Elles ville han blitt køyrd bort i ein ambulanse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.