JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ukrainarar på vent

Ukrainske flyktningar i Noreg kan etter reglane i dag få permanent opphald etter åtte år. No vurderer regjeringa om dei skal måtte vente til det har gått ti år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det har kome ukrainske flyktningar til Nasjonalt ankomstsenter i Råde kommune sidan mars 2022. Kva som ventar dei når ordninga med mellombels kollektivt vern går ut, er uvisst.

Foto: Javad Parsa / NTB

7836
20240126
7836
20240126

Flyktningar

eva@dagogtid.no

Dei russiske åtaka på Ukraina held fram, og ukrainarane held fram med å flykte frå heimlandet. I løpet av dei tre fyrste vekene i år kom det 1161 nye ukrainske flyktningar til Noreg. Samstundes nærmar det seg no siste år av ordninga med mellombels kollektivt vern, som sikrar at ukrainarane som flyktar frå krigen, kan søkje opphald i Noreg og i andre europeiske land.

Ordninga, som vart innført i mars 2022, inneber at ukrainarane kan søkje mellombels opphald basert på gruppetilhøyrsle, uavhengig av om dei har individuelt behov for vern.

Det kollektive vernet vert gjeve for eitt år om gongen, og kan forlengjast to gonger. Frå mars 2025 kjem ukrainarane etter dagens reglar såleis til å måtte søkje individuelt vern, med mindre dei kan eller vil returnere til heimlandet.

No har den norske regjeringa derimot føreslege å utvide ordninga med mellombels kollektivt vern til fem år. Forslaget vart sendt på høyring like før jul.

Langt høgare tal

Bakgrunnen for forslaget er den uavklarte situasjonen i Ukraina og at talet på personar med mellombels vern no er så høgt at det «utfordrer handlingsalternativene», skriv regjeringa i høyringsnotatet. «Både en løsning som legger til rette for at mange får bli mer permanent i Norge og en løsning der mange må returnere til Ukraina, vil medføre store ressursmessige og praktiske utfordringer», ifølgje regjeringa.

Ved utgangen av fjoråret hadde over 70.000 ukrainarar søkt om vern i Noreg, og Utlendingsdirektoratet (UDI) ventar at det kan kome mellom 25.000 og 45.000 til i 2024. Eit anna, men mindre truleg scenario seier at det kan kome over 100.000.

Uansett er det snakk om langt fleire flyktningar samla enn dei gongene mellombels kollektivt vern har vore brukt tidlegare.

Då ordninga vart innført – initiert av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) – under Bosniakrigen på 1990-talet, kom 14.000 bosniske flyktningar til Noreg, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Då krigen var over, fekk bosniarane tilbod om permanent opphald i Noreg etter eit særskilt politisk vedtak. Andre gong ordninga var i bruk, under Kosovokrigen i 1999, vart det gjeve mellombels vern i Noreg til litt over 8000 kosovoalbanarar.

Ifølgje SSB har krigen i Ukraina no gjeve Noreg det høgste talet på flyktningar på eitt år nokon gong. Den siste tida er det varsla om at tilstrøyminga skapar stort press på tenestetilbodet i kommunane, og at primærhelsetenesta har kapasitetsproblem i møte med dei ukrainske flyktningane.

– Regjeringa kjøper seg meir tid.

Terje Einarsen, professor i juss

Ønskjer meir tid

At ei utviding av ordninga med kollektivt vern løyser så mykje, er derimot ikkje gjeve.

Eitt er om krigen endar og situasjonen i Ukraina stabiliserer seg, slik at det er trygt for flyktningane å dra tilbake. Men ei slik utvikling er det lite som tyder på i dag. Det skriv også UDI i den nyaste rapporten om talet på ukrainarar som er venta å kome.

Samstundes kjem ei utviding av det kollektive vernet til å innebere at ukrainarane som er i Noreg, må leve i ein mellombels og uavklart situasjon i fleire år. Dette siste kan ha følgjer for integrering og for høve til stabilitet både for ukrainarane og for lokalsamfunna dei bur i, seier jussprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen.

Frå seks til ti år

Einarsen er medredaktør for lovkommentaren om den norske utlendingsloven, så vel som for Oxford University Press si oppdaterte kommentarutgåve om flyktningkonvensjonen, som nyleg vart publisert. På 1990-talet var han med på ei nordisk undersøking om bosniarane som fekk mellombels vern.

– Eit av funna var at det å få vern med føresetnad om at ein seinare skulle returnere, gjorde det vanskeleg å vite kva ein skulle tenkje om framtida. Det hadde ein del negative integreringsmessige konsekvensar i den fyrste perioden, seier han.

Den gong var regelverket slik at flyktningane etter dei tre åra med mellombels kollektivt vern kunne søkje asyl på individuelt grunnlag. Fekk dei det, kunne dei etter eitt år med mellombels løyve, altså etter fire år med løyve totalt, søkje permanent opphaldsløyve.

Seinare er det gjort endringar i systemet, inkludert innstrammingar etter flyktningtilstrøyminga i 2016. Ukrainarane med kollektivt vern vil med dagens regelverk ikkje kunne få permanent opphald før etter totalt åtte år, fyrst tre år med kollektivt vern, deretter fem år med opphaldsløyve på individuelt grunnlag.

Vert den føreslegne utvidinga vedteken, får dei høve til å få permanent opphald fyrst etter ti år.

– Bør kompenserast

Ei forlenging av talet på år det går an å få vern på kollektivt grunnlag, kan òg skape større skilnader mellom dei som søkjer asyl individuelt, og dei som fyrst vert innvilga kollektivt vern, påpeikar Einarsen.

– Ukrainarane er på mange måtar fordelaktig behandla jamført med andre flyktningar. Dei er ikkje møtte med visumkrav og har kunna reise lovleg gjennom Europa. Dei er heller ikkje møtte med internfluktalternativet (å verte vist tilbake til trygge område i Ukraina, journ. merk.) Men om det no kan gå ti år før dei kan få permanent løyve, kjem dei mindre gunstig ut i andre enden, seier han.

Vert ordninga utvida til fem år, meiner han såleis at dei som får kollektivt vern, bør kompenserast med kortare løp i den ordinære asylprosessen etterpå.

Einarsen understrekar likevel at ei utviding også kan ha fordelar for enkeltpersonar, i og med at det kan innebere fleire år med vern for personar som gjennom ei individuell vurdering kunne vorte vist tilbake til trygge område i Ukraina.

– Dette har ei politisk side også, for det er nok mange som vil meine det er urimeleg å byrje å sende ukrainarar tilbake alt frå 2025. Så regjeringa kjøper seg meir tid, seier han.

– Bråk vert det vel òg om folk må ut etter fem år. Vert det mogleg?

– I ein del tilfelle vil det truleg vere rettsleg mogleg om situasjonen i Ukraina er om lag som i dag, men her kjem mellom anna omsynet til barns beste inn. Barn som har vore fire og eit halvt år i Noreg og gått eitt år på skule, kan ha krav på opphald, seier han.

Norske innstrammingar

Noreg har i utgangspunktet betre mottaksordningar og rettar for ukrainarar enn fleire andre land. Det kjem òg fram av ein rapport forskarar frå By- og regionforskingsinstituttet (NIBR) ved universitetet OsloMet og fem andre europeiske institusjonar lanserte førre veke, der asyl- og integreringspolitikken i åtte europeiske land vert jamført.

Mellom anna får ukrainarane med mellombels vern i Noreg rettar tilsvarande andre flyktninggrupper, inkludert rett til integrasjonsprogram og språkkurs med økonomisk støtte. Dette siste er det elles berre Danmark og Finland som gjev. Ifølgje NIBR-forskar Vilde Hernes, som har leidd forskingsprosjektet, har Noreg generelt høgare stønadsnivå for innvandrarar enn det til dømes Danmark har, noko som òg kjem ukrainarane til gode.

Derimot har regjeringa den siste tida stramma inn i ordningane for ukrainarane, mellom anna ved å fjerne retten til barnetrygd fyrste året i Noreg og å stramme inn høvet til å reise til Ukraina medan dei har mellombels vern. På det siste punktet har Noreg no dei mest restriktive reglane av alle, ifølgje Hernes.

Vert det kollektive vernet utvida til fem år, utan at EU følgjer etter, kjem Noreg til å skilje seg drastisk frå resten av Europa, seier ho.

Ifølgje regjeringa vurderer EU og EU-landa no om det kan vere aktuelt å forlengje det mellombelse vernet. Slik det er formulert i høyringsnotatet, er regjeringa derimot ikkje avvisande til ei forlenging av det mellombelse vernet i Noreg, sjølv om EU skulle gå over til meir permanente ordningar etter dei tre åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis