JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tysk atterhald i aust

Tyskland vil ikkje ha ei hard line overfor Russland i Ukraina-krisa. Det er det mange grunnar til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nord Stream 2-prosjektet er ei viktig brikke i ein eventuell sanksjonspakke mot Russland.

Foto: Stefan Sauer / AP / NTB

7117
20220204
7117
20220204

Politikk

jesper@dagogtid.no

«Eit tydeleg signal», kalla den tyske forsvarsministeren Christine Lambrecht avgjerda om å sende ein spesialleveranse til Ukraina førre veke. Ukrainarane hadde kort tid føre bede om militær bistand. Kva sende tyskarane? 5000 krigshjelmar. Dei tyske kommentatorane var uvanleg samstemde i reaksjonen: ein dårleg vits. «Heile verda ler av Tyskland», skreiv tabloidavisa Bild. Så langt frå sanninga er det nok ikkje.

I Kiev visste dei ikkje heilt om dei skulle le eller gråte. Borgarmeister i byen og tidlegare proffboksar Vitalij Klitsjko kommenterte avgjerda slik: «Kva vert det neste – soveputer?» «Ikkje eingong eit plaster på såret», kalla den ukrainske ambassadøren i Berlin leveransen.

Historisk ansvar

Dei europeiske partnarane ventar fånyttes på at Tyskland skal ta leiing i russlandsspørsmålet. Men militær bistand kjem ikkje på tale. Tyskarane eksporterer ikkje «dødelege våpen» til kriseområde, har kanslar Olaf Scholz slått fast. Britane måtte difor fly utanom tysk luftrom då Royal Air Force skulle frakte våpen til Ukraina.

Då Estland ville sende gamle stridsvogner austover, vart det stogga av Berlin. Stridsvognene stammar nemleg frå DDR-tida og vart gjevne til estarane i gåve for nokre år sidan. Tyskarane vil ikkje på nokon måte vere innblanda i våpeneksport til Ukraina – ikkje eingong indirekte.

Tilhøvet til Russland er eit delikat spørsmål i tysk politikk. Skamma over det nazistiske overfallet på Sovjetunionen i 1941 forhindrar ei klår line frå Berlin. På besøk i Kiev forklarte utanriksminister Annalena Baerbock at Tyskland ikkje kan levere våpen til Ukraina på grunn av eit «historisk ansvar» overfor Russland. Som fleire kommentatorar peiker på, er denne sympatien tydelegvis ikkje særleg utprega overfor andre tidlegare sovjetstatar – inkludert Ukraina.

Det vart ikkje betre av at ein tysk marineadmiral på offisielt besøk i India i midten av januar kalla Putin «ein mann som berre vil ha respekt» – ein respekt han «mest sannsynleg fortener». Russland kalla han «trass alt ein kristen alliert» i konflikten med Kina. Og Krim kan ein berre gløyme – tapt for alltid. Kanslaren sparka militærmannen raskt, men skaden var alt skjedd. Forvirringa rundt den tyske handlekrafta i Ukraina-spørsmålet var komplett.

Sanksjonar?

Resultatet er at ingen riktig veit kva tyskarane er villige til å setje på spel om russarane går til krig i Ukraina. Rett nok seier dei at Russland må rekne med «harde konsekvensar» om dei går til krig. Men kva slags konsekvensar er det?

For også når det gjeld økonomiske sanksjonar, er tyskarane nemleg bremsekloss. EU forhandlar no blant anna om ei utestenging av Russland frå betalingstenesta Swift. Betalingstenesta er eit nettverk brukt av finansinstitusjonar over heile verda for å sameine betalingstransaksjonar mellom land. Verkemiddelet vil råke Russland hardt – for det vil gjere all internasjonal handel med landet svært vanskeleg. Ein tidlegare russisk finansminister uttalte i 2014 at BNP vil krympe 5 prosent som følgje av tiltaket.

Men eit slikt tiltak vil kunne slå hardt tilbake på eit tysk næringsliv med tette band til Russland. Handelsvolumet mellom landa låg i 2021 på over 5 milliardar euro. Tyske gravemaskinar og bilar er mellom varene som går godt i landet. Difor er til og med den konservative opposisjonsleiaren imot eit sånt skritt.

Og så er det denne gassrøyrleidninga.

Nord Stream 2

Nord Stream 2-gassrøyrleidninga strekkjer seg 1234 kilometer gjennom Austersjøen, frå Narwa-bukta i Russland til Lubmin langs den tyske austersjøkysten. Bygginga vart ferdig i fjor, men enno ventar ein på grønt lys frå tyske byråkratar før gass kan flyte gjennom ho.

Internt i den tyske regjeringa er det usemje rundt røyrleidninga. Partiet Dei grøne er imot ho av klimapolitiske omsyn. Dei meiner det er tåpeleg å gjere Tyskland endå meir avhengig av russisk gass når landet i alle høve skal verte energinøytralt. Utanriksminister Annalena Baerbock har difor lenge stått fast ved at ein stopp i Nord Stream 2-prosjektet er ein del av sanksjonane som kan komme. Kanslar Olaf Scholz kalla derimot lenge bygginga av røyrleidninga eit «privat næringsprosjekt».

Tyskland er nemleg heilt avhengig av russisk gass for å få energirekneskapen til å gå opp. Gass står for 27 prosent av det tyske energiforbruket, og alt i dag kjem over 50 prosent av importen frå Russland. Når tyskarane er i ferd med å fase ut både atom- og kolkraft på éi og same tid, treng dei alternative energikjelder i bakhand. Spesielt om utbygginga av fornybarkrafta går tregare enn koalisjonspartnaren legg opp til.

Landet har i dag eit gassforbruk på opp mot 90 milliardar kubikkmeter i året. 55 milliardar kubikkmeter av det forbruket kjem gjennom den alt eksisterande austersjøkabelen Nord Stream 1. Den andre vegen inn er passasjen gjennom Ukraina. For det krev ukrainarane transittkostnader, noko som gjev viktige inntekter til den ukrainske statskassa. Berre i 2021 tente landet 1,27 milliardar dollar i transittgebyr.

Med Nord Stream 2, som har same kapasitet som den første austersjøleidninga, er ein ikkje lenger avhengig av den ukrainske traseen for å eksportere den russiske gassen. Difor er røyrleidninga sentral i Putins strategiske maktspel. Nord Stream 2 gjer at Putin kan kutte gassen til Ukraina og Kviterussland, utan å hindre gassleveringa til Tyskland.

SPD og Russland

Somme kommentatorar meiner den svake lina til regjeringa er ein del av eit større russlandsproblem regjeringspartiet SPD har. Spesielt vekkjer den sosialdemokratiske ekskanslaren Gerhard Schröder harme. Sidan han gjekk av, har han pleidd nære band til Russland. Partinestoren brukte berre 17 dagar på å byte ut kanslarstolen med ein sjefjobb i Gazprom – det russiske selskapet som står bak Nord Stream-prosjektet.

Mange mistenkjer difor den tidlegare kanslaren for å drive lobbyarbeid inn mot partiet. Eit graveprosjekt av nettavisa T-online syner at det har vore mykje ikkje-protokollert møteaktivitet mellom han og leiaren i delstaten Mecklenburg-Vorpommern – delstaten der Nord Stream-røyrleidningane kjem i land.

I SPD står i tillegg minnet om ein forsonande «Ostpolitik» overfor Russland sterkt. Omgrepet vart skapt av kanslaren Willy Brandt, som førte ei forsonande line mot aust – eit arbeid han fekk fredsprisen for i 1971. I eit parti der gjennomsnittsalderen på medlemmene ligg tett oppunder pensjonsalder, hugsar mange gjerne tilbake til den tida.

Også i Brandts kanslarperiode var gassrøyrleidningar eit sentralt tema. Han såg handel med sovjetisk gass som ei tillitserklæring i forsoningsarbeidet – til stor forarging for amerikanarane. I 1973 flaut den første gassen frå Sovjetunionen inn i det tyske nettet. For å frigjere meir energi til vesteksporten auka Sovjetunionen prisane for vasallstatane i aust. Den gongen som no var det Ukraina som leid under det tyske energidiplomatiet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nord Stream 2 gjer at Putin kan kutte gassen til Ukraina og Kviterussland, utan å truge gassleveringa til Tyskland.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis