Turistar uroar seg lite

Diverre, vil vel ein del seia, kjem koronaviruset neppe til å føra til færre cruiseskip til Noreg. Turistar er generelt lite urolege.

Mange bergensarar gjer seg nok ei von om at det vil koma færre cruiseskip til byen i sumar, men det skjer neppe, trur professor Svein Larsen.
Mange bergensarar gjer seg nok ei von om at det vil koma færre cruiseskip til byen i sumar, men det skjer neppe, trur professor Svein Larsen.
Publisert

Angsten har sett inn, om ikkje hjå turistane, så hjå dei som i sumar skal taka imot dei her i Noreg. «Vil koronaviruset hindra folk i å koma hit?», tenkjer nok hotelldirektørar over heile Noreg. På Universitetet i Bergen, på Institutt for samfunnspsykologi, har dei nokre av verdas mest omfemnande seriar av data over kva preferansar og meiningar turistar har. Ein av dei ansvarlege for den lange tidsserien med svar på faste spørsmål er professor Svein Larsen.

– Kva slags angst er det turistar har?

– For det fyrste heiter det ikkje angst, men bekymring (som vi heretter kallar uro på nynorsk, red. merk). Uro er ein tanke meir enn ei kjensle. Du tenkjer på eit mogleg negativt utfall av ei hending du veit kjem i framtida. Du veit at du har eksamen i morgon, og du er uroleg for at det kan gå retteleg gale.

– Så kva er turistar urolege for?

– Svaret er at turistar nesten ikkje uroar seg i det heile teke. Og om dei uroar seg, er det for slikt som å mista billetten, at ein lommetjuv kan taka lommeboka eller anna småtteri.

– Er det verkeleg slik? Då eg var i Israel med dei to yngste og skulle inne i arabiske område, må eg vedgå at eg var litt usikker på om vi ville få hjelp over reiseforsikringa og slikt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement