Kommentar
Trump og Putin – brør i ånda
Europearane forstår at Ukraina-krigen er komen inn i ein avgjerande fase, men skjøner ikkje at USA fundamentalt har endra utanrikspolitikken sin.
Fredag for ei veke sidan stod USAs president Donald Trump og klappa då Vladimir Putin kom imot han på Elmendorf-Richardson-basen i Alaska. Dei to møtte kvarandre som gamle vener. Dei som meiner dei kan lesa på leppene, hevdar at Trump sa «At last!» – Endeleg! – til Putin.
Berre to veker før hadde den same Trump gjeve ordre om å senda to atomubåtar til det han kalla «aktuelle område» i nærleiken av Russland. Om lag samstundes sette Trump fram krav om at Russland skulle gå med på ei våpenkvile i Ukraina. Om ikkje våpenkvila kom i stand, ville USA setja i verk nye, harde sanksjonar mot Russland og dei landa som handla med Russland, sa Trump. Fristen kom, og han gjekk ut. Trump gjorde ingenting.
Inga våpenkvile
I staden møtte han altså Vladimir Putin i Alaska. Då skulle verkeleg den lenge annonserte våpenkvila koma i stand. Etter å ha snakka saman i nokre timar fann Trump ut at Putin heller ikkje no ville stansa drepinga i Ukraina. Dei trugsmåla som Trump tidlegare hadde sett fram mot Russland, var plutseleg ikkje aktuelle lenger.
Så, måndag i denne veka, møtte heile eliten av europeiske leiarar opp i Det kvite huset, saman med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. Våpenkvile i Ukraina var ikkje naudsynt, sa Trump. Ein kunne gå rett på forhandlingane mellom Putin og Zelenskyj, der Trump også ville vera til stades.
Om Putin er viljug til å møta fram til slike forhandlingar, kunne Trump ikkje svara på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.