Intervju

Åtvarar mot taktisk røysting

Forfattar og kommentator Jan Arild Snoen meiner redningsaksjonen finanstoppar har sett i gang for å få KrF over sperregrensa, kan redusere høva for regjeringsskifte.

KrF-leiar Dag-Inge Ulstein (2t.h.) kan gle seg over framgang på målingane. Kva det bidreg med for borgarleg side samla, står att å sjå.
Publisert

KrF har fått millionar i valkampstøtte frå milliardærar og næringslivstoppar som ønskjer å sikre borgarleg fleirtal ved valet i september. Den siste månaden har partiet også krope opp over sperregrensa att, etter fleire år under. Snittmålingane for august så langt gjev endåtil borgarleg fleirtal, ved hjelp av 4,4 prosent oppslutning om KrF.

Men borgarlege som tenkjer å røyste KrF av taktiske grunnar, kan ende opp med å lure seg sjølv, åtvarar forfattar og kommentator Jan Arild Snoen. I eit innlegg på plattforma Substack førre veke skreiv han at redningsaksjonen finanstoppane har sett i gang for KrF, kan redusere sjansane for eit regjeringsskifte heller enn å auke dei.

– Det er to grunnar til det. Den eine er at Høgre-veljarar kan røyste taktisk, og setje eigne mandat i Høgre i fare, men utan å vere sikra at KrF kjem over sperregrensa. I tillegg kan den sterke assosieringa med KrF skremme Venstre-veljarar over til venstresida, seier han.

– Er det dette vi ser teikn til i målinga frå Norstat frå 15. august, der KrF kjem over sperregrensa, men Venstre hamnar under?

– Det veit eg ikkje, men det er i alle fall truleg med den typen lekkasje til venstresida. Ser vi dei ulike målingane i samanheng, har Venstre derimot lege nokså stabilt inn mot valkampen. Ein del Venstre-veljarar har alt hoppa over blokkgrensa, fordi dei er skremde av eit sterkt Frp, men det er også fleire som er skremde av KrF.

– KrF er ikkje større enn det var då partia sat i regjering saman. Kva gjer partiet meir skremmande no?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement