Kommentar

Turistar som både problemet og løysinga

Reiselivet har vorte næringa vi elskar å hate og hatar å elske.

Mange hundre turistar går dagleg opp sherpatrappa til Reinebringen i Lofoten, eit populært «Insta-point».
Mange hundre turistar går dagleg opp sherpatrappa til Reinebringen i Lofoten, eit populært «Insta-point».
Publisert

Medan du les dette, køyrer campingbilane i kø langs dei smale vegane i Lofoten. Turistbussane kranglar om dei få parkeringsplassane ved Låtefossen i Odda, cruiseskipa ligg tett som amerikanske skyskraparar utanfor Geiranger, og sykkelturistar bannar over prisen på Nordkapplatået.

Men kanskje fangar nokon si fyrste bylgje på Hoddevikstranda ved Stad. Nokon lèt seg kanskje fengsle av mangfaldet i Vigelandsparken, svarar «ja» på eit frieri på Gaustatoppen eller får sin fyrste smak av brunost på Brimi Seter i Jotunheimen og ser samanhengen mellom smaken, dyra og landskapet.

For slik er turismen: mangesidig – og vanskeleg. Eg vert ikkje klok på det: Korleis i alle dagar skal eg legge opp ein ferie som ikkje skapar problem, men samstundes gjev meg noko attende?

Arbeidsplassane

Det er ikkje måte på kor mange utfordringar og problem turismen hjelper oss med å løyse. Kanskje særleg i distrikta – det er trass alt naturen vi fyrst og fremst sel her til lands, både til våre eigne og utlendingane.

Ein ting er arbeidsplassane direkte i næringa. Vi sel uvêr og nordlys og snø som berre juling for å unngå at arbeidsplassane vert sesongprega og arbeidarane langvegsimporterte, men lukkast berre sånn måteleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement