Reportasje

Turisme på full gass

Turismen er på veg til å verte hovudnæringa i gruvesamfunnet. Kan han verte meir enn eit nødvendig vonde?

Om vêret er så som så, må turistturane gå sin gang, og dei byrjar stort sett her, med Adventdalen.
Publisert Sist oppdatert

Svalbard har vore norsk i 100 år. I denne serien ser Siri Helle på kva Noreg vil med Svalbard i framtida. Denne veka: turismen

Det er berre andre helga mi på Svalbard, og allereie får eg oppfylt ein draum: ei helg utanfor byen, på ei hytte, ei gamal ei, ei slik som er kledd med svart papp utanpå og har gruvestøv og fangstfolk i veggane inni.

Det er jo dette som er den verkelege opplevinga, er det ikkje? For det er jo lett å kome seg til Longyearbyen. Det er berre å tinge eit hotellrom og sette seg på eit fly. Det dei fleste av oss drøymer om, er jo å kome seg ut av byen. Ut i villmarka.

No er eg her. Men eg er langt frå aleine. Ja, svalbardreinen er her. Reinsdyra er så koselege. Dei krøllar seg saman til små pelsballar i snøen og flyttar seg ikkje om eg så nesten går på dei med skia mine. Polarreven, derimot, berre bjeffar etter meg, men syner seg ikkje.

Det gjer derimot den tredje gjesten – gruppa som syner seg som kvite lys i det fjerne, før dei vert små rumlelydar som vert større rumlelydar. Dei kvite prikkane som ligg etter kvarandre i landskapet med jamne mellomrom, får svarte kroppar kring seg. Etter kvart vert førarane synlege på snøskuterane. Det er sjølvsagt dei som kjem: turistgruppene som er på sightseeingtur.

Nokre stoppar rett nedanfor hytta, andre freser forbi i full fart. Uansett er det mange av dei, sikkert bortimot tretti turgrupper i løpet av denne laurdagen, kvar på mellom fire og tolv skuterar. Og uansett klarar eg ikkje late vere å irritere meg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement