Utanriks

Trur demokratiet overlever i USA

Er demokratiet i USA truga? Landet har lenge levd med konflikt og heterogenitet og vil kunna takla problema, meiner professor i statsvitskap David Mayhew.

Trump-veljarar meiner framleis at presidentvalet i 2020 vart «stole».
Trump-veljarar meiner framleis at presidentvalet i 2020 vart «stole».
Publisert

Professor David Mayhew ved universitetet Yale i New Haven i Connecticut har brukt all si tid på å studera det amerikanske politiske systemet. No for tida er media fulle av spådomar om eit komande samanbrot for det amerikanske demokratiet. Som statsvitar kommenterer han slike utsegner på dette viset:

– Samanbrot? Eg tvilar på om vi står framom eit «samanbrot». Vi ser ein god del polarisering, men veljarane i USA har ikkje mykje sans for ekstremisme. Grunnlova i USA er nokså god til å førebyggja og svekkja konfliktar. Lova vart konstruert nett for det på 1700-talet. Dei einskilde delstatane, og ikkje minst byane, har monaleg breitt politisk handlingsrom. Maktfordelingsordningar er på plass også på føderalt nivå. Alle veit at kontrollen med Kongressen rutinemessig vekslar mellom partia, og at å vinna det neste valet er den beste løysinga på politisk usemje.

– Om ein likevel skulle førestilla seg eit samanbrot: Korleis kunne ein tenkja seg eit scenario i den retninga?

– Uttrykket «samanbrot» er ein metafor, og slike mentale bilete kan lett føra oss på ville vegar og bli misleiande. Ord som «erosjon» og «forvitring» høyrer me også.

Farefulle teikn

Mayhew vedgår at han ser farefulle teikn. Tilliten til amerikanske politiske institusjonar er på eit botnnivå, og polariseringa – i tydinga avstand mellom partia – er på høgste nivå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement