USA
Trumps utanrikspolitikk: kaos eller strategi?
Den amerikanske presidenten smiskar for USAs fiendar og behandlar USAs vener dårleg. Dette handlar nok om langt meir enn berre narsissistiske nykker.
USAs president Donald Trump på veg til Det kvite huset i Washington D.C.
Foto: Annabelle Gordon / Reuters / NTB
Han har beordra bombing av Iran i tillegg til Syria og Nigeria. Han har
sendt eit hangarskip til Karibia og fått statsleiaren i Venezuela arrestert
under eit kommandoåtak. Han har audmjuka den ukrainske presidenten Volodymyr
Zelenskyj for open scene og rulla ut den raude løparen for massemordaren Vladimir
Putin. Og med planane om å annektere Grønland har han praktisk talt gjort ende
på den mest vellukka alliansen i nyare tid. I Kreml og i Beijings Zhongnanhai gnir
dei seg sikkert i hendene. Donald Trump smiskar for USAs fiendar og rakkar ned
på USAs vener.
Det er
berre eit år sidan den 47. amerikanske presidenten tok over roret, og den
pålitelege partnaren USA har blitt ei lunefull supermakt. Kva ligg bak dei
utrulege utanrikspolitiske krumspringa hans? Og kven påverkar Donald Trumps
kursval i verdspolitikken – ein kurs som mange ser på som ein fare for samfunnstryggleiken?
I strategidokumentet til «Project
2025» stod mykje av det presidenten no set ut i livet
Eurasia
Group er eit etterspurt globalt rådgjevingsselskap med hovudkontor i New York.
Då dei la fram moglege tryggingspolitiske risikoar i det nye året, skreiv dei
følgjande om Trumps tilnærming til Latin-Amerika: Målet skal vere «å hevde USAs
dominans ved hjelp av militært press, økonomisk tvang, selektiv alliansebygging
og Trumps hang til å hemne seg på folk».
Dei
politiske rådgjevarane spådde vidare: «I 2026 vil denne haldninga auke risikoen
for politiske overgrep og utilsikta følgjer.» Sjølv om åtvaringane deira var
avgrensa til den vestlege halvkula, må ekspertane i Eurasia Group ha visst at
risikoanalysen av Trumps utanrikspolitikk like godt kan overførast til
verdssituasjonen.
Det er
tydeleg at Trump følgjer plutselege personlege innfall, og dette gjer han utan
at noko eller nokon hindrar han i dette. Nyleg var verda vitne til at han
offentleggjorde ei melding han hadde skrive i sinne til «kjære Jonas». Der
irettesette han Jonas Gahr Støre, den norske statsministeren, fordi han ikkje
hadde blitt tildelt Nobels fredspris.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.