Kommentar

Trumps «amerikanske herredømme» kan føre til at vi står tomhendte att

Framferda som presidenten har vist i Venezuela, varslar om eit nytt globalt system.
  

USAs president Donald Trump talar til republikanarane i Representanthuset 6. januar i år.
Publisert Sist oppdatert

I George Orwells dystopiske roman 1984 er verda delt inn i tre interessesfærar: Oceania, Eurasia og Aust-Asia, som alle støtt er i krig. Iblant inngår to av statane ein allianse mot den tredje. Iblant skiftar dei brått side. Utan forklaring. Partiet fortel i staden proletariatet: «Vi har alltid vore i krig med Aust-Asia.» Aviser og historiebøker blir raskt omskrivne for å få dette til å verke sant.

Orwells verd er fiksjon, men somme vil at denne verda skal bli verkeleg. Idéen om at verda burde ha tre interessesfærar, har dukka opp på Internettet no og då, lenge før den andre presidentperioden til Trump: eit Asia dominert av Kina, eit Europa dominert av Russland og ei vestleg halvkule dominert av USA.

Dei som oftast har argumentert for dette, er russarar som ønskjer å kontrollere det dei kallar «det nære utlandet», eller som kanskje berre vil at landet deira, som har ein svak økonomi og sviktande væpna styrkar, skal bli nemnt i same andedrag som USA og Kina.

Fiona Hill, som var knytt til det nasjonale tryggingsrådet i USA, vitna i 2019 framfor ein komité i Representanthuset. Då fortalde ho at russarar som ønskte å få etablert interessesfærar, hadde tilbode seg å «byte» Venezuela, Russlands næraste allierte i Latin-Amerika, mot Ukraina. Seinare har tanken om at internasjonale relasjonar bør fremje stormaktsherredømme og ikkje universelle verdiar eller nettverk av allierte, spreidd seg frå Moskva til Washington.

Den nye nasjonale tryggingsstrategien som regjeringa i USA har utarbeidd, skisserer ein plan om å dominere Nord- og Sør-Amerika. Den amerikanske politikken på den vestlege halvkula blir nokså ullent skildra som Enlist and Expand (rekruttere og ekspandere), og ein tonar ned trugslar frå Kina og Russland. Trump har òg kome med trugslar mot Danmark, Panama og Canada. Dei er alle USAs allierte, og no utfordrar vi suvereniteten deira.

Kommandoåtaket der den venezuelanske diktatoren Nicolás Maduro blei gripen, minner på somme måtar om tidlegare amerikanske operasjonar, særleg avsetjinga av Manuel Noriega, leiaren i Panama, i 1989–1990. Men no ordlegg ein seg annleis for å forklare og rettferdiggjere aksjonen i Venezuela, og det gjer dette til ei heilt anna historie. Trump brukte ikkje ordet demokrati på pressekonferansen på laurdag. Han viste ikkje til folkeretten. Han la i staden fram ein forvrengd versjon av Monroe-doktrinen frå 1823, ein doktrine som opphavleg blei utforma for å halde utanlandske imperialistiske makter ute av Amerika. Det høyrdest ut som Trump kalla det «Donroe-dokumentet». «Som følgje av den nye nasjonale tryggleiksstrategien vil ingen lenger setje spørjeteikn ved det amerikanske herredømmet på den vestlege halvkula», sa han då han las opp frå eit ferdig manus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement