Kommentar

Trump og kampen mot universiteta

President Donald Trump ser på universiteta som ein motstandar og ein del av det han kallar «den djupe staten».
  

17. april i år var det protestar rundt om i USA til støtte for høgare utdanning. På biletet ser me Cherish Lake, student ved Florida International University.
Publisert Sist oppdatert

Heilt sidan Trump stilte som presidentkandidat i 2015, har han teikna eit dystert bilete av USA som eit samfunn i bratt forfall. På massemøta sine har han lagt skulda på «Den djupe staten» – og på Det demokratiske partiet som, etter hans meining, har skapt denne staten, og som kontrollerer han. Den sentrale vallovnaden til Trump var å knusa den djupe staten.

Kva er «den djupe staten»?

Kort sagt er det eit ideologisk apparat, som produserer falskt og skadeleg medvit. Dette apparatet har tre viktige delar: medium, byråkratar – og universitet. Dei utgjer, slik han ser det, ein vanheilag allianse som saman indoktrinerer amerikanarar med skadeleg propaganda.

Den viktigaste av dei tre er universiteta. Dei er ifølgje Trump ikkje lenger nøytrale lærestader, men har vorte ideologiske apparat som indoktrinerer ungdom med verdiar som står i motstrid til det han kallar «ekte amerikanske prinsipp». Dei store, prestisjetunge universiteta er verst, seier Trump. Han ramsar opp Harvard, Columbia, Yale, Princeton og andre Ivy-League-skular frå nordaustkysten i USA som særleg skadelege; dei er rasistiske og antisemittiske.

Frå ideologi til politikk

Universiteta utgjer frontlina i den nye kulturkampen i USA. Tidlegare har dei vore skulda for å vera så til dei grader woke at det har innsnevra den akademiske ytringsfridomen – i enkelte tilfelle har studentgrupper klart å kansellera gjesteførelesarar med å skulda dei for å vera rasistiske, sexistiske, transfobiske eller ha andre støytande haldningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement