Samtalen
– Trump har fått jackpot
USAs president Donald Trump kan sole seg i glansen etter handelsforhandlingar med EU. Men avtalen kjem med ein bismak, også for USA, seier seniorforskar Arne Melchior.
Donald Trump og leiar for EU-kommisjonen Ursula von der Leyen presenterte søndag rammeverket for ein handelsavtale i Turnberry i Skottland.
Foto: Evelyn Hockstein / Reuters / NTB
– EU og USA fekk søndag på plass rammeverket for ein tollavtale, som einsidig legg 15 prosent toll på varer eksporterte frå EU-land. Avtalen har vorte hardt kritisert, men også omtala som stabiliserande. Kva meiner du om avtalen?
– Han inneber eit klart økonomisk tap for EU, som får auka tollen frå eit par prosent i gjennomsnitt til 15 prosent. Det vil sjølvsagt ramme europeisk eksport, mellom anna verdikjeda for bilar og farmasøytiske produkt. Trump har fått jackpot. Han har satsa på ein aggressiv handelspolitikk, ved å true og trakassere andre land. No har han fått ein avtale med den viktigaste handelspartnaren ved sida av Kina. Sjølv om prisane vil auke i USA, kan USA kapre arbeidsplassar frå EU, som har fått høgare toll. Med mottiltak ville politikken svi meir i USA. No slepp Trump billegare unna.
– Kunne EU ha sikra seg ein sterkare forhandlingsposisjon?
– Ja, EU kunne ha styrkt forhandlingsposisjonen på to måtar. For det første ved å inngå sterkare alliansar med andre, for Trumps handelspolitikk rammar heile verda. EU har snakka om å lage ein ny internasjonal handelsavtale utanfor Verdshandelsorganisasjonen (WTO), men det har vorte mest prat. EU burde kanskje ha samarbeidd med andre for å få ein meir truverdig avskrekkingspolitikk. EU ville risikert økonomisk tap og handelskrig, som er ille. Men det einaste som kan stoppe Trump, er motmakt. Så EU kunne sett hardt mot hardt tidlegare.
– Kvifor har EU inngått ein slik avtale?
– EU inngjekk avtalen i frykt for noko endå verre. Ved fullskala handelskrig kunne EU fått 30 prosent toll. Det ville råka sårbare industriar, til dømes bilindustrien. Men det kan ha vore andre vurderingar som førte til at EU godtok avtalen. EUs handelskommissær Maros Sefcovic har sagt at også andre viktige tema vart diskuterte under forhandlingane. Truleg har Ukraina og tryggingspolitikken vore viktig. Ein fullskala handelskrig ville kunne forverra det tryggingspolitiske samarbeidet. Eit anna tema har truleg vore Kina. EU kunne ha fremja eit internasjonalt samarbeid for å slå tilbake mot Trumps tollpolitikk, men då er spørsmålet om Kina skulle ha vore med eller ikkje. Ambivalensen overfor Kina har nok spelt ei rolle i å redusere EUs rolle som leiar i den internasjonale handelspolitikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.