Essay
Trøbbel på heimebane
Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.
Teikning: May Linn Clement
I
EM på heimebane, og det litt uføreseielege Tyskland kom ut av startblokkene med tenning på alle sylindrane. I München rundspelte dei Skottland etter alle kunstens reglar og vann til slutt 5–1, med seks forskjellige tyske målscorarar. Til og med trøystemålet til skottane blei scora av ein tyskar (Rüdiger). Skottane pleier ikkje å miste hovudet, men her såg dei svimle ut frå første stund. Hugs at dette skotske laget slo ut Noreg i EM-kvalifiseringa, slik at Tysklands leksjon også viste kor vi høyrer heime – altså heime.
«Die Mannschaft» hadde noko å bevise. I førre EM tapte dei for England i åttandedelsfinalen på Wembley. Mykje verre: I Qatar-VM for to år sidan blei dei slått ut av gruppespelet, og Japan vann Tysklands gruppe. No var altså Tyskland på heimebane, med Julian Nagelsmann som ny trenar. Ingen av spelarane såg ut til å hate kvarandre, noko ein ikkje skal ta for gitt i den tyske troppen. Mot Sveits blei det rett nok uavgjort, men sveitsarane var sterke, og resultatet var godt nok til at «turneringslaget» Tyskland vann si gruppe.
Med det gode spelet blei mange av dei gamle klisjeane om det tyske fotballaget henta fram og tørka støv av. Laget var igjen blitt, i ulike variantar, ein effektiv maskin der dei velsmurde delane grip inn i kvarandre med presisjon og harmoni. Motstanden blei «kverna» sund. Vorsprung durch Technik. I denne metafortradisjonen blir eit lands fotballag representant for framståande nasjonale kjenneteikn. Da blir liksom tysk ingeniørkunst og effektivitet transportert på samleband frå det industrielle omlandet og inn på arenaene i München, Stuttgart og Frankfurt.
II
Det er kanskje på tide å skrote metaforane rundt den tyske «maskinfotballen». Om ikkje anna fordi sjølve Tyskland slit med å leve opp til mytane om organisering og effektivitet. Alle kjenner historia om den nye flyplassen i Berlin, som skulle opne i 2012. Flughafen Berlin Brandenburg opna først åtte år seinare, etter milliardoverskridingar og etter at over hundre tusen feil hadde blitt retta opp. Mellom anna måtte rundt seksti kilometer leidning i og rundt flyplassen leggast på nytt fordi systema, som var utvikla av Siemens og Bosch, var brannfarlege. Mange lys lét seg ikkje slå på. Andre, som flaumlyset rundt flyplassen, greidde dei ikkje å slå av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.