Triple bypass og Kissinger
Kvifor fører ikkje innovasjonar i helse til lægre kostnader? Ein freistnad på eit svar.
Når ein PC-vert billigare av di ein eller annan finn ein snøggare måte å produsera han på, får vi som har trong til ein ny PC, meir att for pengane. Dimed har vi ekstra pengar som vi kan nytta på noko anna. I helsesektoren er svaret, litt spissformulert, å kjøpa seg langt fleire PC-ar.
I Noreg betaler vi som nemnt for helse gjennom skattesetelen, i USA betaler arbeidsgjevar gjennom forsikring for dei fleste. Kostnaden er kamuflert for oss båe stadar. Det fører det til at vi ikkje forstår kor mykje vi betaler for sjukehustenester. Det gjer igjen at vi ikkje tek ut den potensielle inntektsauken som ligg i innovasjonar og framsteg i ny medisinsk teknologi, til å kjøpa meir av noko anna utanfor helsesektoren.
Dette er kanskje ikkje dei beste av døme, men i 1982 gjekk Henry Kissinger gjennom ein enorm operasjon, såkalla triple bypass. Omtala i media var stor. Han skulle få blokka ut nokre blodårer til hjartet. Ein slik operasjon vart fyrst gjennomført i 1967. Operasjonen til Kissinger var særs dyr og ikkje standardvare. Det var dessutan ein operasjon ein berre gjennomføre som eit siste alternativ. Få om nokon nordmenn fekk det tilbodet då Kissinger fekk det. Men om du fekk det, kosta det skattebetalarane store summar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.