Tren!

Publisert Sist oppdatert

I vår gav lækjaren meg melding om at blodtrykket hadde vorte vel høgt. Han bad meg byrja med intervall- og styrketrening. «Hugs at du må taka i», sa han. «Maks blodstraum gjennom hjartet!» Eg har gjort som eg fekk ordre om. Men det spørst om det har vore bra for blodtrykket mitt, for no har eg verkeleg byrja å irritera meg over alle idiotane på treningssenter.

Tak til dømes alle desse mellomaldrande kvinnene som set seg på spinningsykkelen eller i romaskina, eventuelt går på opp på tredemølla. Typisk held dei på i ein halvtime, og teknikken er elendig. Beina er ikkje strake på sykkelen, ropinnen går opp og ned, og når dei «spring», svingar kroppen til alle sider. Men det er ikkje det verste, det verste er at dei ikkje vert sveitte eller tungpusta. Når dei så vidt har fått varma opp, meiner dei at dei har trena nok. Kva pokker er det? Treningssenter er ikkje hagearbeid.

Så har vi unge gutar: Dei trenar to ting: bryst og armar. Når dei tek benkpress, lyfter dei skeivt og har ræva langt opp i lykta. Når dei driv desse tøvete isolasjonsøvingane for triceps og biceps, svingar dei på overkroppen som psykiatriske pasientar på lukka avdeling. Du skal ikkje lyfta meir enn du har teknikk til, din slaur!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement