Toppen av galskap
Før gjorde Elon Musk nesten alt rett, seier Robert Næss i Nordea. No gjer han nesten alt feil.
Elon Musk er framleis verdas rikaste person, spørsmålet er kor lenge det varer. Her opnar han ein ny bilfabrikk, denne gongen i Grünheide i Tyskland.
Foto: Patrick Pleul / Pool / Reuters / NTB
Elon Musk, grunnleggjaren av Tesla, seier no at han ikkje vil kjøpa Twitter likevel. Robert Næss er investeringsdirektør i Nordea.
– Kvifor i alle dagar ville Musk kjøpa Twitter i det heile? I skrivande stund er selskapet verdt 142 gonger innteninga i fjor, Equinor 9,5. Twitter må då vera ei aksjeboble?
– Då nyhenda kom om at Musk ville kjøpa Twitter, såg eg litt nærare på Twitter og prøvde å forstå kvifor han ville kjøpa selskapet. Tanken må ha vore at han kunne gjera noko med forretningsmodellen. Ja, han snakka om at han ikkje ville kjøpa Twitter for å tena pengar på det, men for å gjera det til ei plattform for ytringsfridom. Men eg veit ikkje om eg heilt kjøper den forklaringa. Eg trur han også meinte at han kunne endra selskapet slik at han kunne tene pengar.
– Det meinte vel også leiinga i Twitter at dei kunne gjera?
– Ja, dei la fram nokre nye innteningsestimat. Leiinga meinte at dei i år kunne få eit såpass stort overskot at aksjen ville verta verd 20 gonger innteninga. No trur rett nok ingen lenger på det. Men det er faktisk særs mange som nyttar Twitter. Det er ikkje heilt usannsynleg at ein god del av brukarane ynskjer å betala for å få lyfta fram det dei skriv. Det er også mange som meiner at Twitter kan verta best på løpande nyhende, at det er naturleg at ein går inn på Twitter når noko skjer. Men det er ikkje til å koma forbi at dei i dag har særs låge inntekter. Eg trur Musk altså meinte at han kunne auka desse inntektene.
– Men alt då han kom med bodet, hadde Twitter gått ein god del ned frå toppen. Kvifor venta han ikkje til aksjen var komen endå lenger ned?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.