JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Teknologireklame med statsstøtte

Om symbiosen mellom eit norsk forvaltingsorgan og ei amerikansk stifting som var oppretta for å selje meir datateknologi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Læring gjennom appar på smarttelefonar kom snart til å slå gjennom i nordisk skule, hevda Horizon-rapporten i 2015. Dessverre var mobilforbodet ved mange skular eit hinder for at den digitale kompetansen til elevane kom til sin rett.

Foto: Thomas Brun / NTB scanpix

9121
20191213
9121
20191213

Utdanning

peranders@dagogtid.no

«Den digitale skolen er nær», var tittelen på ein artikkel som NTB sende ut i november 2013. «Ut med papir, inn med nettbrett til elevene og arbeid i digitale skyer», heitte det. Saka vart publisert av NRK, ei rekkje norske aviser og blad som Kommunal Rapport og Teknisk Ukeblad, og fortalde om kva digital teknologi som snart kom til å bli teken i bruk i norsk skule. Og dette kom til å skje trass i at mange lærarar var nølande, vart det fortalt.

«Å utfordre inngrodde pedagogiske vaner er sunt, og her bidrar teknologien som pressmiddel. Det vil bli et stort skifte til bedre og mer effektiv læring når man kan bruke digitale verktøy, sa Vibeke Kløvstad, kommunikasjonssjef ved Senter for IKT i utdanninga, til NTB.

Les også: «–Vi har ikkje hevda at det var forsking»

Artikkelen bygde på rapporten «Teknologiske framtidsutsikter for norsk skole i 2013–2018», som var laga av New Media Consortium – ifølgje NTB «et ideelt samarbeid mellom universitets- og forskermiljøer over hele verden» – i samarbeid med Senter for IKT i utdanninga.

Pressar seg fram

Andre medium laga sine eigne saker om rapporten. «Ny teknologi kommer til å presse seg fram i klasserommet enten vi vil eller ikke, mener eksperter. Det blir en stor utfordring for lærere som underviser på gamlemåten», skreiv Forskning.no.

For å lukkast i framtida måtte skulane investere i datautstyr, meinte kommunikasjonssjef Vibeke Kløvstad: «For å unngå et digitalt klasseskille må vi få gode avtaler med leverandørene slik at alle får råd til å kjøpe.»

«Lærere og skoler er fortsatt for avhengige av tradisjonelle lærebøker», var diagnosen i rapporten, som er gjennomgåande positiv og ukritisk til IKT-bruk i utdanninga. «Mobiltelefoner har vist seg å være nyttige for undervisning og læring, og skoler i Norge og resten av verden stiller seg stadig mer positive til å la elever bruke egne telefoner i klasserommet», heitte det mellom anna.

Ikkje vitskap

Men kva var det faglege fundamentet for desse påstandane? «Teknologiske framtidsutsikter for norsk skole i 2013–2018» var ein norsk variant av dei såkalla Horizon-rapportane som NMC hadde publisert sidan 2003. Og Horizon-rapportane er svært langt frå å vere vitskap, meiner Gunvald Skeiseid, tidlegare førsteamanuensis i engelsk ved Høgskulen på Vestlandet.

– Mange har trudd at dette var forsking, men «kunnskapsgrunnlaget» for rapportane var ikkje anna enn uforpliktande spådomar, sette fram av såkalla ekspertpanel. Desse «ekspertane» røysta over kva teknologitrendar dei trudde kom til å bli viktige i utdanningssystema i nær og litt fjernare framtid. For den interesserte var det òg mogleg å nominere seg sjølv som ekspert over nettet.

Skeiseid har gått gjennom fleire av Horizon-rapportane.

– Same korleis «ekspertane» rangerte teknologien, var bodskapen den same: Her må vi få opp farten, her må vi investere førtrendane slår inn, og lærarar som heng etter, vil få det vanskeleg.

Framtidsspådomane i rapportane var ikkje særleg treffsikre, påpeikar Skeiseid: Tre av dei fire teknologiane som i Horizon Report 2013 vart spådde å vera i jamleg bruk innan eitt år eller mindre, vart rangerte som «innan eitt år eller mindre» også i Horizon Report 2015. Slike bomskot vart ikkje drøfta i rapportane.

Dataseljarar

Så kjem vi til eit fundamentalt spørsmål: Kva var eigentleg New Media Consortium som det statlege norske IKT-senteret samarbeidde med gjennom fire år, og som vart kalla «eit ideelt samarbeid mellom universitets- og forskermiljøer» av NTB?

Svaret er ikkje så ideelt. Det opphavlege målet med New Media Consortium var å selje meir datateknologi. NMC vart stifta i San Francisco i 1993, og ei gruppe produsentar av datamaskiner og programvare stod bak, mellom anna Apple, Sony og Adobe. Den framtidige suksessen til produkta deira ville avhenge av brei aksept ved høgare utdanningsinstitusjonar «på ein måte som aldri har vore oppnådd før», heitte det i eigenpresentasjonen til konsortiet. Formelt sett var NMC ei sjølvstendig stifting, men Apple og andre teknologiselskap var representerte i styret. Stiftinga var i stor grad basert på prosjektfinansiering, og Horizon-rapportane vart i fleire år sponsa av Hewlett-Packard.

Det viktigaste verkemidlet for NMC var ei rekkje rapportar som skulle «hjelpe ’tankeleiarar’ på utdanningsfeltet» med å ta avgjerder om kva «utdanningsteknologi dei skulle bruke, og kva system dei skulle investere i». Undervegs vart interessefeltet utvida til å inkludere også datateknologi for grunnutdanninga.

At selskapa som stifta NMC, hadde slike mål, var lett å skjøne. For dei som vil selje datautstyr og programvare, representerer utdanningssystema i verda den mest attraktive marknaden av alle: Elevar og studentar finst det umåteleg mange av, og skular og universitet er sikre betalarar. Og om barn og unge ven seg til ein type teknologi på skulen, er det meir truleg at dei held fram med å bruke dei same systema seinare i livet.

Samarbeid

Det som ikkje er like lett å skjøne, er at det norske Senter for IKT i utdanninga som nemnt inngjekk eit samarbeid med NMC i 2013. Senteret var eit statleg forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet og skulle bidra til at IKT-bruken i skulen betra kvaliteten på undervisninga. Og det stogga ikkje med 2013-rapporten: I 2015 samarbeidde IKT-senteret med NMC om ein Horizon-rapport for Skandinavia, med IKT-senteret i rolla som «sekretariat», ifølgje årsrapporten. Og i 2017 publiserte NMC og IKT-senteret saman ein rapport om databruk i utdanning i Norden. I 2013 og 2014 betalte senter for IKT i utdanninga til saman 120.000 dollar til NMC for arbeidet, syner årsrapportar frå NMC. Dag og Tid har ikkje fått oversikt over kor mykje NMC fekk utbetalt frå IKT-senteret til saman.

Den einaste kritiske omtalen dette samarbeidet har fått offentleg til no, var ein kort artikkel i nettidsskriftet Minerva i 2017. «Vi mener analysene (frå NMC, red.merk.) har stor verdi, fordi de stimulerer til en debatt på hvordan teknologiene kan og bør brukes i skolen», opplyste IKT-senteret til Minerva-journalisten.

– Eg meiner dette samarbeidet var svært usunt. NMC var ein organisasjon som skulle fremje sal av datautstyr, og gjennom samarbeidet vart Senter for IKT i utdanninga i praksis ein pushar for sal av datamaskiner, seier Gunvald Skeiseid.

Lever enno

Tilsynelatande har samarbeidet mellom New Media Consortium og det norske IKT-senteret mest historisk interesse i dag: NMC slo seg sjølv konkurs i 2017, og nettsidene deira er nedlagde. Senter for IKT i utdanninga vart fusjonert med Utdanningsdirektoratet i 2018, og også deira nettsider er borte. Men resultatet av samarbeidet deira lever enno. Trass i det tynne faglege fundamentet har Horizon-rapportane vore brukte som grunnlagsdokument av mange avgjerdstakarar i norsk skulepolitikk. Det er referansar til desse rapportane i plandokument og rettleiingar frå mellom anna Utdanningsdirektoratet, Statped og ei rekkje norske fylke og kommunar som legg planar for bruken sin av datateknologi i utdanninga. «Horizon Report er det viktigste grunnlagsdokumentet vi har for å se inn i framtiden, sammen med føringer fra staten, KS og EU», heiter det til dømes i «IKT-handlingsplan i Elverumskolen». Der blir òg NMC kalla «et fellesskap av hundrevis av ledende universiteter, høyskoler, museer og forskningssentre».

Rapportane frå New Media Consortium har blitt brukte som referansedokument også i mange andre land, synte læringsforskaren Sonja Grussendorf ved London School of Economics i ein fagartikkel publisert i fjor. Horizon-rapportane har vore sett på som pålitelege og nøytrale kjelder til informasjon, og dei har blitt underlagde svært lite kritisk analyse, skriv Grussendorf. Og i Noreg fekk altså NMC tilført ekstra truverd av det tette samarbeidet med eit statleg forvaltingsorgan.

Pådrivarar

Historia om samarbeidet mellom NMC og IKT-senteret minner om andre digitale skulesatsingar, meiner Svein Sjøberg. Han er professor emeritus frå Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved UiO og har tidlegare sjølv arbeidd med IKT-bruk i skulen.

– Ei rekkje offentlege satsingar på IKT i skulen ser ut som dei tolkar mandatet sitt som at dei skal vere pådrivarar for digitalisering i skulen, nærast same kva forskinga fortel. Der forskinga manglar eller er kritisk, tyr dei ofte til anekdotar.

– Korleis kan dette kunnskapsgrunnlaget påverke kommunar og skular som vurderer å satse på digitalisering?

– Dette gjer jo at kommunane får eit nokså einsidig positivt bilete av kva den nye teknologien kan bidra med. Dei vil vel òg gjerne vise at dei er framtidsretta og innovative. Og så kastar dei seg på den same bølgja som alle andre, utan å kjenne til dei mange motførestillingane som no finst i forskinga på dette området. Store kommersielle aktørar bidreg òg til å auke presset, også på dei lokale «brukarane» i kommunane og skulane. Både nye og gamle konsulentfirma står i kø for å tilby digitale tenester og produkt, seier Svein Sjøberg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis