Taxfree-filosofien
No prøver Avinor å levera taxfree-varene direkte heim til deg. Taxfree-modellen vert stadig meir truga, og med det distriktsflyplassane våre.
Avinor tener framleis pengar, men dei tener stadig mindre per passasjer.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Dersom du vil vita korleis du skal få avgiftsfri sprit og sigarettar direkte på døra med hjelp frå staten, får du halda ut til slutt i denne teksta. I alle høve: Dei utdana mellomlaga med god smak er ikkje så store tilhengjarar av taxfree-ordninga. Det er forståeleg. Taxfree er ikkje bra for handelsbalansen, stort sett alt er laga i utlandet. Taxfree held òg nede sparenivået i samfunnet, vi drikk og røykjer opp framtida. Dessutan fører taxfree til at vi både flyg og tek ferje i mykje større grad enn vi elles ville gjort, dimed går CO2- og NOX-utsleppa opp, og det er ikkje bra korkje for klimaet eller for astmatikarar. Taxfree er heller ikkje særleg effektivt: Når vi fyrst skal ha røyk og sprit, er det betre for samfunnsøkonomien at det vert frakta i bulk fram til nærbutikken eller det lokale polet, enn at kvar einskild nordmann dreg varene over halve verda eller store delar av Noreg.
Det verste er likevel korkje samfunnsøkonomien eller klimaet, men at ordninga skaper eit hòl på tre–fire milliardar i det norske statsbudsjettet, noko sjølvsagt økonomane i grøn skattekommisjon prøvde å lokka finansminister Siv Jensen med i 2015: «Utvalget foreslår å oppheve adgangen til å innføre alkohol- og tobakkvarer toll- og avgiftsfritt. Forslaget innebærer at det ikke kan innføres slike varer uavhengig av hvor de er kjøpt, dvs. heller ikke ved ankomst (kvotene settes til null).» Men som vi hugsar: Framlegget gjorde Jensen like irritert som då KrF pressa gjennom innstramminga i taxfree-kvoten same dagen som dei skulle skriva under budsjettavtalen med regjeringa. Ho avviste framlegget totalt.
Dårleg smak
Det kan forresten vera andre grunnar enn samfunnsøkonomi og klima til at vi med litt utdaning påstår at vi ikkje liker taxfree-ordninga: Ho gjev oss nemleg høve til å stå fram som meir høgverdige. For det er ikkje til å koma forbi: Ordninga minner vel mykje om svenskehandelen, det som Lars Sponheim her i Dag og Tid døypte Harry-handel. Danskebåten er ikkje nett ein studie i luthersk sjølvdisiplin, køane på Gardermoen er noko støyande.
Avinor har sjølv laga åtte typiske kundar på grunnlag av handlemønster og demografi. Desse åtte vert nytta i internt undervisingsmateriell for å få auka handel. Dei to «kundane» – altså statistiske kategoriar som er gjevne særnamn – som er oftast innom taxfree-butikkane på dei norske flyplassane, er «Charter Camilla (58)» og «Reiseglade Reidar & Rebekka (51)», med høvesvis 86 og 85 prosent taxfree-«penetrasjon». «Spreke Sosiale Sigrid (56)», derimot, tek berre turen innom taxfree-butikken 59 prosent av gongene ho er på ein flyplass. Spreke Sigrid bruker dessutan berre 1851 kroner på taxfree i året, Charter Camilla 2302 og Reiseglade Rebekka heile 3642.
Det er kanskje ikkje så uventa at Spreke Sosiale Sigrid nyttar lite pengar på taxfree. Hennar statistiske segment er nemleg «Kvalitetsbevisste kvinner over 60 år, men oppleves som yngre. (…) De er godt beleste og fullt oppdatert på nye trender. De handler økologisk og er villige til å betale ekstra dersom det har høyere kvalitet. Handler ikke så mye, men viktig for henne at det hun handler er bra.» Og i handlekorga legg ho ikkje sprit, men produkt for «Kropp (Biotherm, Clarins, Clinique)».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.