JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Talfeil i statsbudsjettet

Eit dårleg statsbudsjett vart endå dårlegare med SVs hjelp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet, Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet og Audun Lysbakken frå SV held pressekonferanse om statsbudsjettet 2023 i Vandrehallen på Stortinget.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

7183
20221202
7183
20221202

Kommentar

jon@dagogtid.no

Hugsar de då finansminister Jan Tore Sanner opna pengekranene under pandemien? Var det nokon på Stortinget som kritiserte regjeringa for å nytta for mykje pengar? Nei. Kvar gong ein hjelpepakke skulle vedtakast, utvida opposisjonen han.

Vi fekk i tillegg vita at pengebruken var ekstraordinær, at det heile var mellombels, noko vi gjorde for å få næringslivet og arbeidstakarane gjennom ei vanskeleg tid. Von dess, som bestemor mi sa.

Økonomisk var pandemien over i 2021. Faktisk var han meir enn over. Norsk økonomi gjekk som ei kule. «Det var bratt vekst, og BNP for Fastlands-Norge økte hele 5,9 prosent fra bunnen i mars til en foreløpig topp i november 2021», skreiv Statistisk sentralbyrå. Det spegla seg i inntektene til staten. I 2019 fekk Finansdepartementet inn 2072 milliardar i skattar og avgifter, i 2021 2439 milliardar.

Forsvann ikkje

Med ein så god økonomi skulle ein tru at dei ekstraordinære koronautgiftene forsvann, og både storting og regjering gjekk nokolunde attende til utgiftsnivået frå 2019, pluss vanleg auke.

Her er tala, og vi snakkar no om reell utgiftsvekst, etter inflasjon: I 2018 var utgiftsveksten på 0,7 prosent og i 2019 på 1,7 prosent. Så kjem det: I 2020 var utgiftsveksten, etter inflasjon, på 8,8 prosent. Så hugsar vi at BNP kom attende til normalt nivå i 2021. Stortinget og regjeringa fekk berre til å redusera utgiftene med 1,3 prosent i 2021. I 2022 ligg utgiftsveksten an til å verta på 1,5 prosent. Vi nyttar i år like mykje pengar som i det fæle koronaåret 2020.

Vonbroten

Ingen bør verta forundra, berre frustrert. Har ulike regjeringar og ulike storting fyrst lagt seg til nye utgifter, held dei fram med å nytta pengane og legg på ny pengebruk. Og ja, det har vore grunnar til å auka pengebruken i 2022: Vi har straumstøtte, vi har ukrainske flyktningar og det har kome nokre ekstraløyvingar til Forsvaret. Men dette er alltid pengar som kjem på toppen av alt anna, som ikkje får reduserte løyvingar.

Likevel skryter regjeringa av at dei har lagt fram eit stramt budsjett med redusert oljepengebruk. Det held både Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum fram med å seia også etter budsjettforliket med SV. Ikkje høyr på dei. Dei har juksa. Korleis finansierte regjeringa dei auka utgiftene i forliket med SV i 2021 for statsbudsjettet 2022? Dei henta inn pengar frå auka utbyte frå Statkraft. Kva gjorde dei no denne veka? Dei henta i praksis inn permanent auka utgifter med auka utbyte frå Statkraft.

Kva då?

Før eller seinare går straumprisen ned frå dei skyhøge nivåa han ligg på no. Denne regjeringa har lagt seg til permanent høgre utgifter på grunnlag av ein ekstraordinært høg straumpris. Så kan ein alltid seia at straumstøtta vert mindre eller forsvinn om prisane kjem ned att. Det er rett. Men dei hentar inn dobbelt så mykje i ekstraordinære inntekter frå straumselskapa som dei gjev ut att i straumstøtte.

Men verst av alt er at dei finansierer permanent utgiftsauke, til dømes auka minstepensjonar, med noko dei sjølv vedgår skal vera mellombels. Det såkalla høgprisbidraget på 90 prosent som staten skal taka på all straum som vert seld til over 70 øre, seier Vedum, skal maksimalt vara i to år. Det trur regjeringa vil gje 16 milliardar i ekstraordinære inntekter neste år. I tillegg kjem ei ekstraordinær arbeidsgjevaravgift på 5 prosent på inntekter over 750.000 kroner, som skal gje 6–7 milliardar i nye inntekter.

Til saman snakkar vi om godt over 20 milliardar i ekstraordinære skattar som regjeringa i statsbudsjettet handsamar som permanente inntekter. Kva skjer den dagen Vedum kjem attende til dei ulike fagdepartementa og fortel dei at dei pengane er borte?

Dårleg planlegging

Men trass i den store utgiftsveksten – utgiftssida i statsbudsjettet for 2023 er over 10 prosent høgre enn utgiftsida i budsjettframlegget til regjeringa Solberg for 2022 – kjem dette til å verta eit historisk upopulært statsbudsjett. Planlegginga har vore slett, og utgiftssida må sterkt opp seinast til våren når revidert statsbudsjett vert lagt fram.

Når Finansdepartementet reknar på reell utgiftsvekst, altså utgiftsvekst etter inflasjon, legg dei inn ein såkalla deflator. Deflatoren tek omsyn til lønsvekst, inflasjon og ein del anna. Deflatoren skal nulla ut alle «forstyrringar». Når ein har justert tala med deflatoren, sit ein att med endringar i utgifter og inntekter i faste kroner.

3,5 prosent

Utgiftsdeflatoren som Finansdepartementet har lagt til grunn for 2023, er på 3,5 prosent. Er deflatoren rett, går dei reelle utgiftene på statsbudsjettet for 2023 opp med 1,3 prosent. Men deflatoren er feil. I skrivande stund er inflasjonen 7,5 prosent og lønsveksten for 2022 på om lag 4 prosent. Etterslepet i lønsveksten er særs høgt.

Utgiftsveksten som dei underliggjande etatane, Nav og alle andre offentlege organ får, vert i 2023 langt høgre enn 3,5 prosent. Det kommunane og staten kjøper, vert dyrare enn Finansdepartementet trur. Veksten i trygdeutbetalingar og ikkje minst løn etter lønsoppgjeret til våren vert også høgre enn regjeringa legg til grunn.

Veit det sjølv

Finansdepartementet veit det sjølv. Dei seier at dei avslutta talarbeidet i framlegg til statsbudsjett rett etter fellesferien. I månadene etter har tala i norsk økonomi endra seg sterkt. Finansdepartementet har gjennom heile hausten late vera å justera tala, ikkje veit eg kvifor, men det verkar umotivert.

Så kan ein alltids seia at det er kjekt at regjeringa saman med SV ikkje tek omsyn til at utgifts- og lønsveksten vert mykje høgre enn dei har lagt til grunn. For vert ikkje desse tala justerte, går dei reelle utgiftene både i kommunale og statlege budsjett kraftig ned neste år, fordi alle offentlege organ må tilpassa seg ein mykje høgre nominell utgiftsvekst. Kjem det ikkje meir pengar frå regjeringa gjennom 2023, får vi ei tydeleg innstramming i offentlege utgifter.

Ikkje eit reelt budsjett

Det kjem sjølvsagt ikkje til å skje. Gong på gong kjem opinionen til å skrika opp over at løningar og inflasjon et opp alt handlingsrom og folk difor må seiast opp og innkjøpsbudsjetta barberast. Vedum og Støre har med dette budsjettet skaffa seg endå fleire kritikarar og endå meir kjeft neste år enn i år. Det er nesten godt gjort.

Dette er ei regjering som ikkje tenkjer heilskap, som ikkje vil prioritera, som ikkje tenkjer vekst, og som skubbar utgiftsveksten framføre seg gjennom vilkårlege skatteaukar. For å taka eit konkret døme: Når denne regjeringa seier at ho vil satsa på havvind, som vert særs dyrt, og som regjeringa ikkje har funne pengar til, treng vi mykje meir effekt frå vassmagasina våre for å balansera den nye vindkrafta. Men når vasskraftselskapa må gje bort nesten all profitt dei kunne få ved å investera i effekt, kjem det ikkje ny effekt.

I tillegg kjem at dette budsjettet ikkje er eit reelt budsjett, anten av di Vedum ikkje ville at byråkratane hans skulle rekna med oppdaterte tal, eller av di byråkratane ikkje ville rekna for han. Deflatoren er feil, difor vert budsjettet feil.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette budsjettet er ikkje eit reelt budsjett.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis