Kommentar
Stram, strammare, Vedum
Det siste staten kan gjera i år eller neste år, er å nytta meir pengar. Spørsmålet er om Trygve Slagsvold Vedum maktar å forklara kvifor.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og regjeringa samla seg på Klækken hotell utanfor Hønefoss måndag denne veka.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Måndag denne veka samla regjeringa seg på Klækken hotell utanfor Hønefoss. Statsrådane skulle koma med sine ynske og krav andsynes statsministeren, finansministeren og ikkje minst finansråden. Men fyrst var finansminister Trygve Slagsvold Vedum i Politisk kvarter på NRK. Ei nær samla oslopresse håna finansministeren for det han sa eller ikkje sa der.
Erik Stephansen, politisk redaktør i Nettavisen, som har gått inn for ein makspris på straum på 30 øre per kWh, var kan henda hardast. Tittelen sa mykje: «Floskelmaskinen Vedum er snart regjeringens svakeste kort». Ingressen var om mogleg endå hardare. «Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet faller som en stein på meningsmålingene. Om du hørte Politisk kvarter på NRK i dag, så skjønner du hvorfor.»
Det som irriterte Stephansen, var at Vedum ikkje vil svara klart ja og nei på spørsmål, og spørsmåla var kva Vedum ville gjera med energiprisane og alt det andre han hadde lovd å gjera noko med før han vart finansminister. Sanninga var enkelt og greitt at Vedum ikkje hadde éi einaste ekstrakrone å gje utover dei som Støre har sagt skal gå til Forsvaret og flyktningane frå Ukraina.
Ny kvardag
Samstundes som Vedum var på NRK, sende byråkratane i Finansdepartementet ut ei pressemelding med statistikk og prognosar. I den meldinga stod det som Vedum sleit med å seia i Politisk kvarter. Tittelen var, som Stephansens, talande: «En ny hverdag for Norge». Vedum hadde fått desse orda lagde i munnen av presseavdelinga:
«De siste par årene har vært tøffe for mange, og for noen er den økonomiske hverdagen fortsatt krevende. Når det går veldig godt i norsk økonomi, må vi holde igjen på pengebruken i statsbudsjettet. Hvis ikke, kan vi få en overoppheting av norsk økonomi. Det vil føre til enda høyere inflasjon med behov for enda høyere rente. Det ville økt utgiftene til folk og bedrifter i hele landet, og det må vi unngå.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.