JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Stormvarsel i Helse-Noreg

Det er langt mellom gladmeldingane frå helsestellet for tida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6015
20230210
6015
20230210

Det blæs opp til mediestorm, og den eine redselshistoria etter den andre har kome frå helsehusa, dei institusjonane som skal ta imot pasientar etter utskriving frå sjukehus. Dei har for få folk, og ikkje alltid gode nok folk, og det er ingen grunn til å tvila på det tidlegare innlagde og deira pårørande fortel.

I same periode brukar den organisatoriske nyskapnaden Helseplattformen AS 3,5 milliardar for å innføra eit datasystem som i første omgang ikkje verkar, og som så langt har ført til minst 200 millionar i tapte inntekter for St. Olavs hospital i Trondheim. Aftenposten har rekna ut at denne tvangsinnføringa av ein datamodell vil kosta opp mot 900 millionar i tapte inntekter. Dette kjem på toppen av dei 3,8 milliardane. Alt skal betalast av same budsjett, og dermed blir det mindre att til institusjonane i same føretak, som merkar sparekniven alt no.

Tragediar

Ser vi litt tilbake i tid, har vi hatt ei rekkje farlege episodar med menneske som eigentleg skulle vore innlagde på psykiatriske institusjonar, men der er sengekapasiteten redusert med om lag 10.000 plassar på 10–15 år, og desse svært sjuke menneska blir overførte til kommunar som ikkje har medisinsk eller økonomisk kapasitet til å ta seg av dei. Resultatet har vore fryktelege tragediar.

Når slike akutte kriser oppstår, blir svara gjerne like akutte. Ein byråd blir innkalla, det blir funne nokre pengar på kistebotnen, statsråden kallar inn nokre aktørar til samtale. Mediedekninga har sin eigen rytme. Ei stygg sak utløyser ei rekkje liknande saker, men etter ei tid har det kome andre hendingar som tek plassen i mediebiletet, og så glir det over.

Somme av aktørane, så som direktøren i Helseplattformen, blir utolmodige, og leiger inn eit PR-byrå for å koma fortare fram til eit mediemessig nirvana der alt er stille og roleg og milliardane kan halda fram med å rulla gjennom hybridorganisasjonen.

Men det er nokre lange linjer her. At den demografiske utviklinga vil gje oss mange fleire gamle og dermed krevja meir av helsevesenet, er ikkje akkurat nytt. Det er sjølve hovudsaka i Stortingsmelding nr. 47: Samhandlingsreformen, som kom i 2009. I dag lyder undertittelen nærast ironisk: «Rett behandling – på rett sted – til rett tid». Det som har skjedd med psykiatriske pasientar som har gripe til vald, er at dei ikkje har fått behandling i det heile. Dei som kom på helsehusa, kom definitivt ikkje på rett stad, for dei var altfor sjuke, og dei kom altså ikkje på rett tid. Dette gjeld naturlegvis ikkje alle helsehus, men det er likevel ein systematikk i dette.

Færre senger

Hovudtanken i samhandlingsreforma, som vart gjord til politikk ved stortingsvedtak i 2012, var at pasientane skulle vera i den dyre spesialhelsetenesta (altså sjukehusa) så kort tid som mogeleg, og deretter flyttast til kommunane, som då måtte finna ein stad til dei som er for sjuke til å bu heime. Også talet på sjukehussenger har gått ned i perioden. Noko ein ikkje lett legg merke til, er at nye, store og fusjonerte sjukehus har færre senger enn dei gamle som dei erstattar. Derimot har dei langt høgare pris.

Grunntanken i samhandlingsreforma var at helsetenestene skulle bli billegare ved at ein innførte såkalla kunstige marknader. Ein skulle betala etter produksjon. Ein omtala til og med behandlingskøar som «ordrereserve». Marx må ha vakna av slummeren då han fekk ein så slåande demonstrasjon av teorien om varer og tingleggjering. Pasientane blir varer og omsorga produksjon. Dette står med reine ord i styringsdokumenta.

Denne tanken kjem frå nyliberal teori, som trudde at marknadsliknande modellar skulle gjera sjukehusa meir økonomisk lønsame. Dei skulle kosta mindre og utretta meir.

Det har dei ikkje gjort. Men modellen har gjort sitt til at pasientar blir skrivne ut for tidleg, sende i taxi til ukjend stad og tekne hand om av institusjonar som har lite folk og for låg kompetanse til så alvorleg sjuke menneske. Dette er meir enn uhell, det er ein del av ein modell.

Det vekte stor oppsikt då professor Torgeir Bruun Wyller, som er sentral i Helsetjenesteaksjonen, for nokre år sidan påstod at pengane ikkje var hovudproblemet, men denne organisasjonsmåten. Han seier det same i dag. Store midlar går til spille gjennom denne modellen, hevdar han. Difor er det grunn til å spørja korleis det har gått med den økonomiske modellen, der mark­nadsmekanismane så å seia av seg sjølv skulle pressa kostnadene ned.

Håpar på det beste

Det er snarare ein annan mekanisme vi har sett. Dei store pengesummane som faktisk finst i helsesystemet, trekkjer til seg aktørar som vil ha sin del av kaka. Her er Helseplattformen AS eit strålande eksempel. Dei får lov til å bruka 3,8 milliardar kroner (kvar er dei hamna?), sjølv om den tenesta dei skal levera, ikkje verkar. Her berre betaler ein og håpar på det beste. Dei same mekanismane ser ein i planlegginga av nye sjukehus. Dei blir eit eldorado for investorar og holbergske prosjektmakarar, som brukar milliardar berre på utgreiingsfasen. Den marknadslova som rår her, handlar om økonomiske insentiv. Blir det kjent at helseføretaka delar ut pengar, kravlaust og vilkårslaust, til aktørar av ymse slag, så kjem det folk og hentar pengar. Her har den kritiske journalistikken forsømt si oppgåve: Ålmenta skulle visst nøyaktig kva helseføretaka faktisk brukar pengane til, kor mykje som blir løyvd i statsbudsjettet, og kor mykje som faktisk går til helsetenester.

Det er på tide å gjera ei uavhengig gransking av heile styringsforma som kom med samhandlingsreforma, og den kan ikkje gjerast av eit konsulentbyrå som alt er blitt rikt på denne modellen. Den sørgjelege sanninga er at dei som styrer, ikkje har kontroll på kvar pengane faktisk går.

Då lyder det holt å appellera til dugnadsånd og samvitet til slitne pårørande.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Pasientane blir varer og omsorga produksjon. Det står med reine ord i styringsdokumenta.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis