Velferd
Store oppgåver, små marginar
Dårleg kommuneøkonomi vil svekke velferdsstaten, meiner varaordførar i Arendal Inger Brokka de Ruiter. No vil ho starte eit kommuneopprør mot regjeringa.
Forventningane til at kommunal- og distriktsministar Bjørnar Skjæran (Ap) skal bøte på ein stram kommuneøkonomi, er store. Også på venstresida er det politikarar som meiner at statsbudsjettet ikkje er nok til å sikre eit forsvarleg velferdstilbod i kommunane.
Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
Medan nokre brukte desember til å drøyme om ei kvit jul, har andre uroa seg for raude tal. Det er dyrtid i kommunane, og mange lokalpolitikarar måtte kutte monaleg då dei skulle vedta budsjett for 2026. I Oslo og Bærum gjekk innbyggarane i fakkeltog mot lokale kutt. I Ørsta og Volda vurderer kommunane å slå seg saman for å spare pengar. På Senja la lokalpolitikarane ned fem av seks sjukeheimar.
– Prisstigning, høge renter og ein skiftande demografi, der mange kommunar må ta ansvar for fleire eldre, gjer at den økonomiske situasjonen går frå vondt til verre, seier varaordførar
Måndag oppmoda ho i Dagsrevyen lokalpolitikarar over heile landet til å starte eit kommuneopprør i protest mot stram kommuneøkonomi, uavhengig av parti.
– Situasjonen er ikkje lenger haldbar dersom vi skal levere eit forsvarleg tilbod til innbyggarane. Rett før jul kutta vi 300 millionar kroner berre i Arendal og la ned både sjukeheims- og skuleplassar. Likevel er det ikkje nok, fordi overføringane frå staten er for låge.
– Berre i fjor auka staten tilskota til kommunane med 13 milliardar. Kvifor held ikkje tilskota frå statsbudsjettet?
– I 2026 får vi rett nok auka inntekter, av dei 3 milliardar kroner i friske midlar til kommunane, men av dei er det berre 30 millionar som kjem fram til oss. Det er diverre langt frå nok når det strukturelle underskotet er på 100 millionar kroner. Dei auka løyvingane er ikkje eingong nok til å bremse underskotet vårt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.