Kommentar

Sterke påstandar, svak undersøking

Svar rett, og du blir vurdert som fordomsfull. Svar feil, og du er på dei godes side. Slik er det med fleire av påstandane i undersøkinga om nordmenns haldningar til jødar og muslimar.

Synagogen på Bergstien, St. Hanshaugen, i Oslo.
Synagogen på Bergstien, St. Hanshaugen, i Oslo.
Publisert

I midten av desember var det ein god del merksemd rundt rapporten Holdninger til jøder og muslimar i Norge i 2022. NRKs tittel var ganske typisk: «Ny rapport: Én av ti nordmenn mener vold mot jøder kan forsvares» (13. desember 2022). Som vanleg er i slike samanhengar, såg ikkje oppslaga på kva som låg bak funna i undersøkinga. Pressa tok det for gitt at det låg solide metodar bak resultata.

Eg blei nysgjerrig på korleis slikt blir målt. Så eg fann fram til rapporten, som er tilgjengelig på nettsidene til det norske holocaustsenteret på Bygdøy. Etter å ha funne fram til undersøkinga, testa eg påstandane på meg sjølv, ved å ta stilling til dei, slik alle som deltok, hadde gjort. Det er ein stor rapport, som omfattar tre undersøkingar (befolkningsundersøking, minoritetsstudie og ungdomsundersøking). Denne teksten handlar om metodane og påstandane i den første delen av undersøkinga, som handlar om haldningar til jødar.

Sympatiar og antipatiar

Første bolk skal kartlegge sympatiar og antipatiar for jødar. Eg blir beden om å ta stilling til følgande påstand: «Hvor godt eller dårlig stemmer påstanden for deg: Jeg føler en egen sympati med jøder.»

Alt her begynner eg å stusse. Kva meiner dei her med ein «egen» sympati? Finst det i det heile nokon konkret sympati som ikkje er «eigen»? Skal påstanden kanskje tolkast slik at eg burde ha ein eigen sympati for jødar, kollektivt. Ein som går ut over den sympatien ein kjenner for andre folk som har vore utsette for grov urett, massedrap og folkemord? Eg veit ikkje, eg oppfattar spørsmålet som uklart, og i rapporten står det ikkje korleis dette skal tydast. Hadde det vore betre å be folk ta stilling til og gradere påstanden «Jeg har sympati med jøder»?

At fleire enn i 2017 «uttrykker sympati med jøder», blir i rapporten presentert som godt nytt. Men påstanden ein skulle ta stilling, var jo ikkje om ein føler sympati med jødar, men om man føler ein eigen sympati med jødar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement