Statsstøtte til danske Egmont
TV 2 skal få statsstøtte. Det er medieprofessor Jostein Gripsrud for. – Men då må det stillast konkrete krav.
NRK vert ikkje lenger åleine om å få statsstøtte for fjernsynsproduksjon i Noreg. No får NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen (t.v.) TV 2-sjef Olav T. Sandnes med på laget.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Då TV 2 vart oppretta, var gleda stor på høgresida: Noreg skulle få ein ålmennkringkastar utanfor den klamme famna til staten. Det einaste eigarane måtte gjera for å få tilgang til kringkastingsnettet til NRK, var å ha eit hovudkontor i Bergen og senda nyhende og litt lødig kultur. Det har TV 2 gjort i 27 år no, stort sett med stort overskot. Ja, så stort har overskotet vore at dei to øvste direktørane av danske Egmont, som eig TV 2, i 2016 fekk 43 millionar i løn og bonusar. Men denne veka vart det klart at TV 2 dei neste fem åra for fyrste gong skal få om lag 700 millionar i statsstøtte mot at dei har hovudredaksjonen minst 100 kilometer frå Oslo, som i praksis tyder Bergen. Jostein Gripsrud er medieprofessor nett i Bergen og var i si tid leiar for ålmennkringskastingsrådet.
– Kvifor skjer dette?
– Av di TV 2 har lyst på pengane. Det er i og for seg greitt, vi har alle lyst på pengar. Men med statsstøtte plar det koma vilkår, og det gjer det i dette tilfellet òg. I praksis tyder avtalen at TV 2 skal halda fram med å vera i Bergen, og det er på ingen måte uviktig. TV 2 vart oppretta av di Stortinget ville ha ein profesjonell fjernsynsredaksjon utanfor ammeskodda i Oslo. Det treng vi meir enn nokon gong.
– Men det var òg krav til innhald?
– Ja, TV 2 skulle vera ein ålmennkringskastar, ein såkalla public service-kanal. Dimed fekk dei høve til å senda på det vanlege nettet utan å gå om kabel. I det låg det òg at dei skulle ha nyhendeprogram og ein programprofil det var knytt kulturelle vilkår til. Men det kan eg seia etter å ha vore med i ålmennkringkastingsrådet, at slikt er det ikkje lett å handheva. Men no har vi altså òg fått ein avtale om statsstøtte, at dei skal få skattepengar mot å gjera dette og hint.
– Men treng dei statsstøtte når sjefane får 43 millionar kroner i året? Det er ikkje noko ein forventar frå tre i utgangspunktet liberalistiske parti?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.