Statsminister til feil tidOdvar Nordli er død. Vi nærles sjølvbiografien hans.KommentarJon Hustadjon@dagogtid.no
Odvar Nordli er død. Vi nærles sjølvbiografien hans.
Odvar Nordli likte utanrikspolitikk betre enn økonomisk politikk. Her får han vitjing frå ein kinesisk delegasjon og syner fram utsikta over Oslo. Utanriksminister Knut Frydenlund kan skimtast i bakgrunnen.
Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix
Odvar Nordli, ein særs snill og hyggeleg mann, er kjeldene samde om, var statsminister i fem år frå starten av 1976 til starten av 1981. Han døydde no etter jol, men det har vore forunderleg lite merksemd rundt bortgangen, som kan henda har drukna i politiske sexskandalar. Så kva slags politikar og statsminister var han?
Jens Arup Seip skilde mellom dei statsministrane som kunne kryssa elva, og dei som ikkje kunne det, «menn som kan ta en nasjon over Rubicon», slike som Christian Michelsen og Einar Gerhardsen. Hadde Seip levd, ville han truleg ha teke med Gro Harlem Brundtland òg. Hallo i uken pla alltid lata henne gå heilt uaffisert og uskadd rett gjennom glasdørene på Marienlyst når dei «intervjua» henne. Nordli var nok ikkje slik. Han hadde truleg vurdert om vatnet var for kaldt og straumen for sterk, for så å halda seg på nordsida av Rubicon til elveleiet eventuelt hadde turka ut. Mykje tyder på at Nordli sjølv ville ha vore samd i ei slik framstilling.
I 1985 kom Min vei. Minner og meninger, sjølvbiografien til Nordli ut. På side 183 byrjar kapittelet han kallar «Avgang». Ei tid før han går av, kjem han inn på kontoret sitt, der Rolf Hansen og Ronald Bye, båe ministrar i hans eiga regjering, sit og ventar på han. «Under samtalen sa Ronald Bye at det var noe spesielt med dette kontoret. Av og til tok det viljen til makt fra den som ble plassert der. Det han fortalte meg med dette, var at jeg i større grad burde ha utøvet personlig makt når de interne vanskelighetene oppstod. Det kan sikkert sees slik også.»
Eit trist skodespel
Så vart då avgangen trist. Nordli klagar over alle lekkasjane, som gjekk til alle redaksjonar, men særleg klagar han over Arbeiderpressens Kontor og Arbeiderbladet, som under han heilt stogga med å vera lojale. Han vedgår ikkje at han bar mykje av skulda sjølv, for han tilsette nemleg Per Vassbotn frå Venstre-avisa Dagbladet som pressesjef, ei heilt uhøyrd handling i soga til arbeidarrørsla, og eit val som fekk særleg den gamle LO-hovdingen Tor Aspengren til å mista trua på Nordli.
Handsaminga Nordli fekk av pressa mot slutten, var noko heilt nytt i norsk soge. Nordli ville framskunda sin eigen avgang, fortel han, av di lækjaren hans sa at no måtte det verta slutt, på grunn av alle helseplagene. Han la fråsegna frå lækjaren fram for leiinga i Ap. Sjølv fortel han berre at det heile botna i søvnmangel, men straks meldinga var lagd fram for leiinga, kunne arbeidarpressa fortelja om migrene og uklart syn. Frå før hadde pressa meir enn ymta frampå om alkohol, som det seinare har kome fram at Nordli nytta for å få sova.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.