JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Staten struper lønsam attføring

Eit tilbod som har lukkast med å forebyggje ny kriminalitet frå straffedømde, får ikkje lova økonomisk støtte frå regjeringa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tafu-prosjektet er inspirert av eit liknande prosjekt i Sverige som har som måt å tilbakeføre straffedømde over 18 år til eit normalt liv utan kriminalitet og rus.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

9407
20180323

Bakgrunn

Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (Tafu)

I 2016 var det 146 førstegongssøkarar. 68 var fengselsinnsette, 22 frå friomsorga, 39 frå kommune/Nav. 10 søkte sjølv. 47 fekk tildelt plass. 43 møtte til kurs. 36 fullførde. 41 av 43 som møtte til kurs, hadde rusproproblem. Alle 36 som fullførte, fekk arbeidspraksis. 13 fekk fast jobb og av desse fekk fire fagbrev.

I 2017 var det 149 førstegongssøkarar. 46 av desse vart søkt inn frå fengsel, 14 frå friomsorga, 49 frå kommune/Nav. 17 søkte sjølv. 49 fekk tildelt plass. 38 møtte til kurs + 4 (reinntak). 34 fullførde. 41 av dei 42 som møtte til kurs, hadde rusproblematikk. 35 fekk arbeidspraksis. 14 fekk fast jobb og av desse fekk éin fagbrev.

Politikk

vidar@dagogtid.no

Straffedømde som vil begynne eit nytt liv, har sidan 2010 hatt eit skreddarsydd tilbod i Rogaland gjennom eit samarbeid mellom kommunar, kriminalomsorg, Nav og utdanningsetaten. Tiltaket går under namnet «Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning» (Tafu). Kunnskapsdepartementet, Justisdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet med underliggande direktorat stod bak då Tafu vart etablert.

Prosjektet og resultata er evaluerte av Arbeidsforskingsinstituttet som har konkludert med at dette er eit vellukka tiltak både samfunnsøkonomisk og med omsyn til resultat for deltakarane. Samfunnet vil tene økonomisk på å satse pengar på Tafu-prosjekt av di ein høg prosent av deltakarane blir resosialisert og kjem seg i arbeid. Den samfunnsøkonomiske vinsten er kalkulert til seks kroner per investert krone i eit 20-års perspektiv, ifylgje Arbeidsforskingsinstituttet.

«Helt avgjørende»

I 2014 var statssekretærane i dei tre departementa òg samde om at prosjektet vart vellukka og burde vidareførast på fast basis. «Et godt eksempel på et sømløst og effektivt samarbeid mellom offentlige etater. I Tafu settes brukernes/tidligere domfeltes behov i sentrum», skreiv til dømes statssekretær i Justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen (Frp), i brev til Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet i mars 2014. Og same år slår så regjeringa fast at Tafu-prosjektet i Rogaland skal vere fast.

Trass i dette har prosjektet måtta leve frå hand til munn år for år, og freistnadar på å etablere tilsvarande tilbod i andre delar av landet har falle i fisk. Til dømes har kommunane Oslo, Bergen og Trondheim alle takka nei til å engasjere seg i tilsvarande prosjekt. Grunngjevinga har vore usikre økonomiske rammevilkår. Så seint som i mai i fjor slo Arbeids- og sosialdepartementet fast at «manglende statlige bevilgninger» er ei av årsakene til at ein ikkje har fått oppretta Tafu-prosjekt andre stader i landet.

Ein dokumentgjennomgang som Dag og Tid har gjort og samtalar med mange ulike kjelder, teiknar eit bilete av manglande engasjement og vilje til satsing frå sentralt hald, spesielt Nav og Arbeids- og sosialdepartementet.

Slo alarm

I desember i fjor fann Fylkesmannen i Hordaland grunn til å varsle Kunnskapsdepartementet om at Nav, trass i fleire purringar frå Fylkesmannen, ikkje svara på viktige spørsmål om vegen vidare for Tafu.

Dokument Dag og Tid har fått tilgang til, viser at Arbeids- og sosialdepartementet frå den eine dagen til den neste, i mai 2017, bestemte at den sentrale styringsgruppa for Tafu skulle avviklast. Fylkesmannen i Hordaland fekk ingen beskjed.

På bakgrunn av pågangen frå Dag og Tid har no Nav sentralt sendt brev til Nav i Rogaland der ein fråskriv seg alt ansvar for vidare drift av Tafu i Rogaland. Nav vil ikkje løyve pengar til prosjektet.

«Det er besluttet at det i fremtiden ikke vil komme sentrale midler til TAFU. Dette er nå et lokalt initiativ og Rogaland må selv finne ut av hvordan de ønsker å innrette TAFU videre innenfor de ordinære rammene som Nav Rogaland har», skriv Nav. Innhaldet i brevet vekker sterke reaksjonar frå dei som har arbeidd med TAFU.

Svensk modell

Tafu vart etablert etter inspirasjon frå eit liknande tiltak, Krami, i Sverige. Det vart starta som eit prosjekt i Malmø i 1980 som eit samarbeid mellom Kriminalvården, Arbeidsmarknadsinstituttet og Malmø kommune for å tilbakeføre straffedømde over 18 år til eit normalt liv utan kriminalitet og rus. Resultata viste seg så vellukka at det i dag er etablert 25 stadar i Sverige.

Representantar frå kriminalomsorga i Rogaland var i 2004 på studietur til Malmø for å sette seg inn i Krami-prosjektet. Det skulle gå seks år før eit norsk prosjekt såg dagens lys. Då hadde ein fått kopla inn utdanningssektoren for å styrke den svenske modellen. Då var også Fylkesmannen i Hordaland engasjert i prosjektet ettersom Fylkesmannen i Hordaland har nasjonalt ansvar for undervisninga i norske fengsel.

Ein nøkkelperson i dette arbeidet har Torfinn Langelid frå Vinje vore. Han var i mange år nasjonal koordinator for undervisning i kriminalomsorga. I 2015 gav han ut boka Bot og betring? om historia til fengelsundervisninga i Noreg. Her viser han kor mangelfull oppfylginga av ferdig sona fangar har vore i årevis. Og han dokumenterer at klare føringar som Stortinget gav i 2005 for resosialisering av straffedømde, ikkje er fylgde opp i tråd med føresetnadane frå Stortinget.

– Politikarane sviktar

Langelid, som no er pensjonist, er fortvila over manglande satsing og oppfylging av Tafu-prosjektet. Til Dag og Tid seier han:

– Vi har høyrt mange lovnadar om å tette «glippsonen», overgangen frå fengsel tilbake til samfunnet. Men politikarane fylgjer ikkje opp sine eigne lovnadar. Det kostar samfunnet milliardar. Gjennom mange år har vi sett manglande politisk handlekraft, dårleg byråkratisk arbeid og korleis viktige forskingsrapportar ikkje blir tekne på alvor. I haust fekk det gode oppfølgingstiltaket Tafu i Rogaland melding om at på grunn av dårleg økonomi måtte det i verste fall leggjast ned.

Ideen

Ideen bak Tafu er at fleire offentlege forvaltningsinstitusjonar arbeider saman med tilbod til dei straffedømde og bruk av såkalla «konsekvenspedagogikk», der deltakarane skal lære seg å forstå samanhengane mellom eigne handlingar og konsekvensen av desse og auke den sosiale handlingskompetansen i møte med arbeidsmarknaden. Målgruppa er straffedømde personar i alderen 18–40 år som blir innmelde eller sjølve melder seg til å vere med på opplegget. Det er oppfylging av deltakarane både på dagtid og fritid.

Aksel Onarheim har leia Tafu-prosjektet frå starten av i Rogaland og gjer det framleis. Han er framleis entusiastisk og motivert trass i manglande engasjement og økonomisk støtte frå sentralt hald.

– Resultata av arbeidet vårt for deltakarane gjev meir enn god meining for arbeidet. Dei som vel å fullføre, kjem ut i fast arbeid eller fullfører vidaregåande utdanning. Det er målet vårt. Også Nav i Rogaland meiner resultata er gode. Frustrasjonen vår er at delar av forvaltninga ikkje bryr seg, og at vi ikkje veit frå det eine året til det neste korleis det blir med vilkår og finansiering. Finansieringa har vi ordna lokalt, seier han.

I august 2016 var det eit fellesmøte mellom representantar frå Justisdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Kriminalomsorgsdirektoratet, Fylkesmannen i Hordaland og Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav). Her var det semje om å gå inn for ei ordning med etableringstilskott til kommunar for å opprette Tafu fleire stader i landet. Ordninga skulle omfatte felles satsing på fullfinansiering i fire år for alle involverte partar. Men det vart med praten.

Manglande løyvingar

I mai 2017 konstaterte Arbeids- og sosialdepartementet at «En utvidelse av TAFU har ikke latt seg gjennomføre på grunn av manglende statlige bevilgninger og liten interesse fra aktuelle kommunale samarbeidspartnere».

I skriftlege svar til Dag og Tid opplyser no både Arbeids- og velferdsdirektoratet og Arbeids- og sosialdepartementet at TAFU Rogaland etter å ha blitt eit fast tiltak, får greie seg sjølv. Det vil ikkje kome sentrale midlar, og det er opp til Nav i Rogaland å yte tilskot frå eigne budsjett om ein finn grunnlag for det.

I juni i fjor lanserte så fem statsrådar det dei kalla ein ny strategi for «redusert tilbakefall til ny kriminalitet». I arbeidet med dette opplegget fekk departementa utførlege innspel om Tafu og røynslene med Tafu frå mellom andre Fylkesmannen i Hordaland. Trass i dette er Tafu ikkje nemnt i plan- og strategidokumenta. Det er såleis heller inga forklaring på kvifor regjeringa ikkje vil støtte eller satse på Tafu. Strategidokumentet fortel om regelverk, avtalar og praksis som skal gjennomgåast, om nye utgreiingar som skal gjennomførast og utvikling av samarbeid, men altså utan å drøfte eller nemne Tafu.

Fleire av dei som har arbeidd med Tafu, har lita tru på dette opplegget. Dei gjev uttrykk for at det verkar som om regjeringa prøver å finne opp hjulet på ny og at det nye opplegget til regjeringa verkar tungrodd og byråkratisk. På den andre sida blir det heller ikkje sett av ekstra midlar. Regjeringa legg til grunn at alle kostnadar skal dekkast innanfor eksisterande budsjett.

– Dette er inga satsing, er den samrøystes dommen frå dei som har arbeidd med Tafu gjennom mange år.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Politikarane fylgjer ikkje opp sine eigne lovnadar. Det kostar samfunnet milliardar.

Torfinn Langelid, pensjonert koordinator for undervisning i kriminalomsorga

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis