Staten støttar si eiga undergraving

Bitcoin undergrev statens pengemonopol, likevel subsidierer den same staten produksjonen av bitcoin.

Gjermund Hagesæter sat på Stortinget for Frp fram til i fjor, og er i dag talsmann for selskapet Kryptovault. Her på valvake saman med finansminister Siv Jensen hausten 2015. Då var Hagesæter statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.
Gjermund Hagesæter sat på Stortinget for Frp fram til i fjor, og er i dag talsmann for selskapet Kryptovault. Her på valvake saman med finansminister Siv Jensen hausten 2015. Då var Hagesæter statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.
Publisert

Store, subsidierte datasenter skulle verta eit vekstområde i Noreg. Men i staden har regjeringa fått store negative oppslag i pressa og ei stadig meir irritert miljørørsle på nakken.

Ved framlegginga av statsbudsjettet beit Siv Jensen i det så mykje omtalte sure eplet. Ho fortalde at ho har sett ned ei gruppe som skal sjå nærare på subsidieringa av datasenter, eller bitcoinproduksjon. Sagt på ein annan måte: Regjeringa har gått på eit politisk nederlag, for så seint som i sumar sa den same regjeringa at det «ikke var hensiktsmessig» å endra på det økonomiske rammeverket for datasenter.

Ho sa forresten ikkje subsidiering, ho sa «redusert avgift». «Reduserte skatter og avgifter» høyrest av ein eller annan grunn mykje betre ut enn «subsidiar». I dag betaler du og eg og den lokale bonden og møbelprodusenten og Rema 1000 16,58 øre per kWh i elavgift. Datasenter som nyttar meir enn 0,5 MW, betaler berre 0,48 øre.

Då regjeringa innførte redusert elavgift for datasenter i førre periode, var grensa 5 MW, men det var ingen suksess. Difor utvida regjeringa ordninga til å omfatta langt fleire. Ja då, du las rett: Av di skattefritak for nokre ikkje verka, fann regjeringa ut at dei ville gje skattefritak til langt fleire. Ein kan då kanskje undra seg over kvifor ikkje alle får skattefritak, om det er så effektivt.

Same for botnlina

Er så manglande elavgift subsidiar eller skattefritak? Det vert dei ulike aktørane aldri samde om. Dei som får reduserte utgifter, og dei som ynskjer reduserte utgifter, vil kalla slikt «vekstfremjande avgiftsreduksjon». Dei som er mot, vil kalla det «miljøøydeleggjande subsidiar». Det vi kan slå fast, er at dette berre handlar om bokføring. Med andre ord: Får du eit skattefritak som andre ikkje får, vert du i praksis subsidiert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement