JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Staten som religiøs kontrollør

Å ta frå Jehovs vitne statsstøtta kan vera første steg mot statleg regulering av religion, som fort kjem i motsetnad til religionsfridommen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5465
20220204
5465
20220204

Mange vart glade då Statsforvaltaren i Oslo og Viken gjorde vedtak om å nekta Jehovas Vitne statleg støtte. Dette er eit trussamfunn som har brukt ein umenneskeleg eksklusjonspraksis som inneber at medlemmer som går ut eller blir støytte ut av samfunnet, ikkje får lov til å møta nære slektningar, barn og søsken inkludert.

Dette er inhumant, og det er i strid med det dei aller fleste kristne oppfattar som teologisk rett og forsvarleg. Det siste argumentet gjer nok ikkje inntrykk på leiarane i Jehovas vitne, som i utgangspunktet forkastar alle andre autoritetar enn sine eigne teologar.

Kva ein elles måtte meina om dette vedtaket, så har det ein positiv verknad ved at det kastar lys over denne praksisen, som i utgangspunktet ikkje toler dagens lys, og som trussamfunnet difor freistar å halda tilbake opplysningar om. Men nokre saker i rettsapparatet har gjeve tilstrekkeleg kunnskap til å slå fast at dette er ein uvanleg brutal og umenneskeleg praksis, i Guds – eller Jehovas – namn.

Kritikk

Likevel er det grunn til å tenkja gjennom dette vedtaket. Dei kritiske innvendingane må rettast mot lova som gjer dette mogeleg, ikkje mot statsforvaltaren som gjennomfører lova.

Og kritikken er denne: Det er alltid farleg å gje staten lovmessig dekning til å overprøva det religiøse samfunn held for sant og rett. Argumentasjonen i dette tilfellet blir knytt til den lova om trussamfunn som kom etter oppløysinga av statskyrkja. Denne lova skal i prinsippet vera religiøst blind, altså nøytral, og gje ein viss sum per medlem til alle trussamfunn, den gamle lutherske folkekyrkja, muslimske grupper, Jehovas vitne, Hillsong og kva det måtte vera. Krava blir stilte til medlemslister og administrativ orden, ikkje til religiøst innhald.

Denne i utgangspunktet rause ordninga kan, som vi ser i dette tilfellet, likevel snuast til eit kontrollorgan. I mangfaldets tid straffar ein ikkje lenger folk fordi dei høyrer til dissentarsamfunn, katolske eller jødiske forsamlingar, slik den ortodokse lutherske staten gjorde med stort frimot.

Statleg regulering

Religiøse forsamlingar utanfor statskyrkjeleg kontroll var forbodne heilt til midten av 1800-talet, og jødane hadde ikkje eingong tilgang til riket. Det er viktig å hugsa den statlege brutaliteten som dette regimet førte med seg. Det kan minna oss om at alliansen mellom stat og religion kan vera skummel på fleire vis.

I dag kan vi få ein allianse mellom ein sekulær stat og tilpassingsdyktige trussamfunn, med likestilling og kjønnsforståing i orden. Så kan ein bruka økonomiske pressmiddel på dei som ikkje lever opp til standarden. Det kan vera dei som har eit «tradisjonelt syn på ekteskapet», eit argument som nyleg vart brukt for degradera ein privat akademisk institusjon. Det kan vera samfunn som ikkje gjev kvinner tilgang til alle religiøse funksjonar. Og det kan råka religionar som bryt for sterkt med norsk kultur og tradisjon.

Her kan vi sjå føre oss ein glidebane, og vedtaket i Oslo kan vera første steg på ein farleg veg mot statleg regulering av religion, som fort kjem i motsetnad til religionsfridommen.

Prinsipp

Men kva med inhuman behandling av menneske, som kan henda både her og der? Her er det freistande å dra ein parallell til diskusjonane om ytringsfridom. Det er ein fundamental rett, på linje med religionsfridommen. Men han har avgrensingar.

Det prinsipielt viktige er at desse avgrensingane ikkje ligg i kva slags ytringar staten likar eller ikkje likar, noko som ville føra til politisk sensur på kort tid. Avgrensingane ligg i straffelova. Det er ikkje lov å ytra trugsmål, hatefulle ytringar som fornedrar ei (utsett) gruppe, og så vidare. På denne måten legg ein kontrollen av desse grensene i rettsvesenet, ikkje i den utøvande makta.

Det kan vera modellen også for religiøse grupper. Den inhumane praksisen med å nekta medlemmer å møta nære familiemedlemmer, kan problematiserast ut frå allmenne lover om familieetikk og barnevern. Å truga medlemmer med økonomisk makt kan problematiserast som andre typar trugsmål.

Reaksjonar

Mellom reaksjonane på vedtaket i Oslo blir det sagt at det finst endå verre døme i somme muslimske forsamlingar. Om så er, burde same prinsippet gjelda der. Det er lov til å forkynna det religiøse synet sitt, og religiøse system har sine åtvaringar mot moralsk forfall og sedløyse. Det høyrer til den religiøse ytringsfridommen. Men trugsmål om isolering, økonomiske sanksjonar, eventuelt også fysisk vald, det er i strid med straffelova, og bør handsamast der. Det vil gje eit skarpare skilje mellom den utøvande og den dømmande makta og vera meir ryddig.

Så bør ein sjølvsagt, også ved denne korsvegen, vurdera om statleg støtte til religion er ein god idé i det heile teke.

I Skandinavia førestiller ein seg at trua vil døy ut dersom statsstøtta blir borte. Mot det kan ein innvenda, som Søren Kierkegaard, at den vennlege staten kanskje er ein større fare for religionen enn pengenaud. Difor utforma han slagordet «frels Christendommen fra Staten». Men det er ein annan diskusjon.

I første omgang bør ein gå opp grensene mellom statleg styring og religiøs sensur.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis