Utdanning

Det store konsentrasjonsfallet

Elevar presterer dårlegare og er meir utagerande enn tidlegare, meiner lærarar med over 20 års erfaring. Skuleforskaren Johannes Lunde Hatfield peiker på digitaliseringa av skulen som hovudårsak.
  

Det store skuleeksperimentet: For 20 år sidan byrja norske styresmakter å fremme skjermbruk i skulen, utan handfaste prov på at det ville gagne den kognitive utviklinga til norske skuleelevar.
Publisert

Ho var ein av dei beste lærarane eg har hatt, fransklæraren min på ungdomsskulen: energisk, imøtekomande og utrøytteleg opptatt med å motivere elevane heilt bort til bakarste pult. Men då ho skulle pensjonere seg for nokre månader sidan, vedgjekk ho at ho var utslitt. Noko hadde endra seg i skuleverket. Ho trudde ikkje at nokon av dei nyutdanna kollegaene hennar ville halde ut eit heilt yrkesliv i skulen.

Ho var ikkje åleine om å tenke at læraryrket har endra seg. Lektoryrket har falle i status dei siste tiåra, syner ein ny doktorgrad frå OsloMet. Fram til i fjor, då det var ein auke, fall søkartalet til lærarutdanningane i fem år på rad. Og i klasserommet? Der rapporterer 80 prosent av rektorar om valdshendingar mot tilsette, synte ei undersøking frå august i fjor.

Tydeleg trend

Likevel finst det ikkje mykje forsking, korkje i Noreg eller internasjonalt, som har tatt for seg korleis lærarane har opplevd lærargjerninga over tid. Det har Johannes Lunde Hatfield freista bøte på. I fjor publiserte han ein artikkel i tidsskriftet Education and Information Technologies. Her har han spurt 812 lærarar på alle skulenivå med over 20 års arbeidserfaring om korleis lærarkvardagen har endra seg fram til no. Funna, som først blei omtalte av Forskning.no, syner ein tydeleg trend:

– Lærarane melder at elevane er mindre motiverte, mindre uthaldande og fagleg dårlegare enn tidlegare, seier Hatfield, som er professor i pedagogisk psykologi ved Universitetet i Innlandet.

– Mange, særleg dei lærarane som underviser i barneskulen, svarer òg at elevane er urolegare, anten dei er engstelege eller meir utagerande enn før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement