Kommentar

Strid om svart olje i grøn framtid

Statsminister Jonas Gahr Støre og oljenæringa vil leita etter meir olje og gass. Miljørørsla vil stoppa for å redda klimaet. Begge partar har kjøpt rapportar med svar dei likar.

Publisert Sist oppdatert

Paradokset skrik imot oss. Noreg leverer drivstoff til klimakrisa ved å pumpa opp olje. Samstundes kjempar me for ambisiøse klimamål heime og ute. Statsminister Jonas Gahr Støre vil halda fram slik.

– Bodskapen frå meg i dag er at olje- og gassindustrien vår skal me ta vare på. Dei skal framleis leita, produsera og levera til Europa. Leiteaktivitet skal framleis vera ein føresetnad, sa han til Arbeidarpartiets sentralstyre denne veka.

Tysdag fylgde regjeringa opp med å dela ut 57 nye løyve til leiting og utvinning på sokkelen.

Noreg vil ha både oljepengar og utsleppskutt. Men det er konflikt rundt Noregs viktigaste næring. Ei rekkje små parti vil ha stopp i leitinga på sokkelen. MDG set 2040 som sluttår for utvinninga. Striden velta nesten regjeringa og Stortingets budsjettforlik rett før jul.

Politikken til Noregs tre største parti er den motsette. Han kan samanfattast med slagorda «utvikle, ikkje avvikle» eller «drill, baby, drill».

Ingen peiling

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement