Kommentar

Trump og mullaene

For amerikanarane er det viktigaste å hindre at iransk olje går til Kina.

Russland og Iran utgjer sjølve kjernen for Kina når USA skrur att energikranane andre stader.
Publisert Sist oppdatert

Då USA i 2001 vart råka av det største åtaket på amerikansk jord sidan Pearl Harbor, laga amerikanarane ei liste med land der regima måtte bort. Statane var Irak, Nord-Korea og Iran, og i forlenginga Libya, Syria og Cuba. Regimet i Irak vart fjerna av den amerikanske krigsmaskina i 2003. Europearane hjelpte til med Libya i 2011, og det syriske regimet fall etter 12 år med internasjonalisert borgarkrig i 2024. Etter Venezuela står Cuba no for tur, medan atomvåpenmakta Nord-Korea har gått klar. Det siste regimet på lista er Iran. Etter at Israel med hjelp frå USA fjerna mykje av det iranske forsvarsverket gjennom krigen i juni 2025, ligg regimet i Den islamske republikken Iran lageleg til for hogg.

Er det dette vi no er vitne til? Iranarane demonstrerer på gatene for å fjerne jerngrepet til regimet, med Israel og USA i bakre rekkjer, klare til å slå til militært på ny. At dette er innspurten i fjerninga av regima USA har motarbeidd i eit kvart hundreår, er ikkje utenkeleg. Den 13. januar gjekk den amerikanske presidenten ut på nettet og lanserte MIGA – Make Iran Great Again. Donald Trump oppmoda iranarane om å «ta kontroll over institusjonane» og halde fram kampen. Hjelp er på veg! kunne Donald melde på sitt heime-pressekontor Truth Social, som svar på stadig fleire meldingar om at iranarane druknar i blod i gatene. Det siste, viktigaste og farlegaste av «dei vonde regima» står for fall.

Analysen min av situasjonen er likevel annleis.

Det er ikkje fyrste gongen den islamske republikken i Iran møter motstand på heimebane. Det har vore ei rekkje store demonstrasjonar dei siste femten åra. Men drivkrafta har variert. I 2009 var det den grøne revolusjonen og krav om politisk reform, i 2015 kom misnøya frå kurdiske område, i 2019 var det dei økonomiske effektane av Trump sitt «maksimale press», og i 2022 særleg situasjonen til kvinnene. Det er samansette krefter som står bak protestar mot dei islamistiske styresmaktene.

Denne gonger skal talet på drepne vere svært høgt. Allereie etter ei veke vert ofra talde i tusental. Fleire hundre av dei drepne skal tilhøyre tryggingsstyrkane til den islamske republikken, noko som tyder på kampar. Det kan kome av splitting i rekkjene til regimet, det kan vere fordi demonstrantane eller infiltratørar òg nyttar våpen, eller det kan vere eit resultat av at regimet sjølv nyttar høvet til å rydde opp i eigne rekkjer. Truleg vitnar dei høge tala om ein kombinasjon av slike faktorar. Men presset er tyngre denne gongen.

Når motstand mot prestestyret har gjeve protestbølgjer tidlegare, har mullaene svara med å kome folket litt i møte. Etter 2009 opna prestestyret opp og lét reformisten Hassan Rohani stille som president. Etter at Trump auka presset mot Iran frå 2018 heldt styresmaktene fram med subsidiane trass i ein pressa økonomi, medan «kvinner-liv-fridom»-protestane frå 2022 gjorde at hijab-regimet vart slakka noko. Mange meiner at kombinasjonen av tungt politisk, økonomisk og militært press mot Iran gjer at regimet denne gongen stangar i taket og har lite å by demonstrantane. Det ser mørkare ut for kompromiss på heimebane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement