Stadig større konflikt i SSBMåndag vart Statistisk sentralbyrås kanskje mest kjende økonom, Erling Holmøy, fråteken tittelen som forskar.

Måndag vart Statistisk sentralbyrås kanskje mest kjende økonom, Erling Holmøy, fråteken tittelen som forskar.

Slik ser den nye makta i SSB ut. Christine Meyer omorganiserer SSB fundamentalt.
Slik ser den nye makta i SSB ut. Christine Meyer omorganiserer SSB fundamentalt.
Publisert

På SSBs heimesider kan vi lese dette om kva som er føremålet med SSB: «Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovedansvaret for å dekke behovet for statistikk om det norske samfunnet. Offisiell statistikk er nasjonens felles faktagrunnlag og viktig for et levende demokrati. Statistikk skal speile samfunnet og vise utviklingstrekk for befolkning og levekår, økonomi, miljø og næringsvirksomhet.»

Ein av dei som har utarbeidd mest nye resultat basert på modellutvikling og analyser, særleg om omsorg, produktivitet, pensjon og innvandring, er Erling Holmøy – ein av SSBs mest kjende økonomar og forskarar og den som truleg har levert flest analysar til Finansdepartementet i dei seinare åra. Eller rettare sagt: forskar hev vore. Måndag fekk den tidlegare forskingsleiaren nemleg melding frå den nye leiinga om at han er avsett som forskar og skal omplasserast til ei anna avdeling enn forskingsavdelinga.

Då avsettinga vart kjend mellom norske økonomar, kom det ein del frustrasjon til uttrykk på sosiale medium. Torbjørn Eika, som også er tidlegare forskingsleiar og ansvarleg for konjunkturanalysar i SSB, gjekk før i år over til ny stilling som sjeføkonom i KS. Det gjorde han grunna alle dei varsla omorganiseringane i nett SSB. Som Eika sa til Dagens Næringsliv då han bytte arbeid: «Jeg er litt bekymret for utviklingen i SSB på flere måter. Det som bekymrer mest, er manglende vektlegging av det viktige samfunnsoppdraget det er å utarbeide og formidle analyser og prognoser over økonomisk utvikling – som arbeidsverktøy for forvaltningen og andre. Slik sett er det kanskje litt feigt å forlate byrået nå. Jeg har ingen tro på at mange publiseringer i fremstående forskningstidsskrifter er viktig for å lage gode modeller og prognoser for utviklingen i norsk økonomi.»

Lågpunkt

På Facebook sa han dette no tysdag om avsettinga av Holmøy: «Dette er intet høydepunkt i SSBs historie». Professor og samfunnsøkonom Rasmus Espen Moen ved BI uttrykte seg endå enklare: «Jeg er i sjokk.» Lista over leiande norske samfunnsøkonomar som uttrykte seg kritisk om avsettinga av Holmøy, vart etter kvart lang. Sjølv sa Holmøy dette til Nettavisen: «Jeg er lei meg og sint. Dette er urimelig.» Og på spørsmål om innvandringsrekneskapen som Holmøy har utarbeidd, var ein av grunnane til at han vart fjerna, svarte han slik: «Det er på det rene at deler av ledelsen er skeptiske og kritiske til mine analyser. Det inkluderer SSB-sjef Christine Meyer.»

Ein av Noregs mest sentrale makroøkonomar den siste generasjonen uttrykker det slik til underskrivne:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement