Radio
Er radiodagane over? Eller: Kvifor vert det alltid så mykje støy rundt NRK?
Stadig færre lyttar til tradisjonell radio
P3 Gull-programma har vore nyskapande og overdådige. I 2017 vart P3 Gull sendt frå Skur 33 i Oslo, og resultatet har gått inn i norsk TV-historie. No har dei ansvarlege snurpa att pengesekken.
Foto: Mariam Butt / NTB
Nok ein gong blæs det rundt NRK, og denne gong starta lågtrykket ein stad i P13-generasjonen. Dei godt vaksne var nedtrykte og forbanna, men dette var ein varsla storm. Kvar gong rikskringkastinga gjer endringar i sendeskjemaet, vert det bråk, og det veit dei på Marienlyst, men likevel vel dei å gjere det – gong på gong.
Sidan vi alle har eigarskap til NRK – det er liksom vår kringkastar, finansiert som han er gjennom lisenspengar, no over skattesetelen – er det klart at vi har rett til å meine noko om kva dei 7,7 statsmilliardane vert brukte til. Vi stiller høge krav, og vi har langt større forventingar til NRK enn til kommersielle kanalar som til dømes TV 2, TV Norge, P4 og Radio Norge. Vi forventar, ja, nærast forlanger at NRK skal underhalde oss, og når dei ikkje gjer det, kjenner vi på rettmessig harme. Vi har betalt for dette! Det prellar av på dei, sjølvsagt.
Sist var det P13, NRKs musikk- og underhaldningskanal for unge vaksne,som vart lagd ned. Korkje lyttarane eller programleiarane er unge vaksne lenger. Dei er godt vaksne, og kanalen er for dyr i drift i høve til kva han leverer, meiner NRK. Då er det bort med program som Musikklunsj, Felbergs loft, Selskapssjuk, ja, slike program som få har høyrt, men som har brennande lojale og meiningssterke lyttarar.
Lyttarane føler seg overkøyrde og rasar på Facebook over arroganse og dugløyse, og generelt over at NRK ikkje gjev populærmusikken den plassen han fortener. Har vi høyrt slikt før? Absolutt.
Piggtrådmusikken
Kvar søndag morgon i nær 18 år sat lyttarar over heile landet klare framfor radioapparatet over det ganske land. Klokka sju var det Dagsnytt med siste nytt, deretter vêrmelding med varsel for fiskebankane, og ti minutt over sveiva dei i gang kjenningsmelodien. Lirekassa prusta i 12–14 taktar, før ei smeikjeblid sørlandsrøyst snakka over: «En riktig god tidlig morgen til dere som allerede har våknet til en ny dag...»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.