JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Språkdebatt
med rollebyte

I fem år diskuterte folk kva språk nye Ålesund kommune skal bruke. Debatten endra noregskartet og enda i eit utvatna nynorskvedtak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7977
20200124
7977
20200124

Den 1. januar 2020 gjekk Ålesund, Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog saman i den nye storkommunen Ålesund med nær 66.000 innbyggjarar. Ålesund hadde på papiret hatt ein språknøytral administrasjon frå 1968, då byen slukte nynorskkommunen Borgund. Kva språk staten skulle bruke, hadde Ålesund ikkje sagt noko om, og staten hadde dermed vore språknøytral overfor Ålesund like lenge. Dei fire andre kommunane hadde vedtak frå åra 1932–79 om at staten skulle bruke nynorsk til dei, og hadde i praksis brukt nynorsk i eigen administrasjon.

I 1960-åra slo Stortinget saman mengder av kommunar utan reelle lokale prosessar. Noregs Mållag var då på sitt svakaste, hadde få å alliere seg med og makta aldri å definere språk som ein relevant faktor. I regionreforma frå 2015 var språk med frå første stund, og nynorskmiljøet hadde mykje meir å spele på.

Roller blei bytte om

Samanslåinga på Sunnmøre tok til med ti kommunar vinteren 2016, men to år seinare hadde fem trekt seg. Før det skjedde, hadde dei forhandla fram ein intensjonsavtale som innebar at den nye storkommunen skulle krevje nynorsk frå staten og sjølv bruke nynorsk. I ei spørjeundersøking våren 2016 sa fire av ti i gamle Ålesund at nynorsk burde vere administrasjonsspråket, tre av ti bokmål, medan godt og vel to av ti svara språknøytral.

Støtta til nynorsk var uventa stor, og bokmål var brått ikkje eit reelt alternativ. Taktisk gjekk mange i staden inn for det dei kalla ein språknøytral kommune. Det skulle dei få til ved at kommunetilsette skreiv det språket dei ville. Dei fremste argumenta var at fleirtalet av innbyggjarane i den nye kommunen skriv bokmål, kulturarv i byen Ålesund, og valfridom; det siste gjaldt i praksis dei kommunetilsette.

Nynorsktilhengjarane la mest vekt på kva språk dei ulike kommunane alt brukte, den tradisjonen dette innebar i kommunane rundt Ålesund, og kva språkpolitisk rolle nye Ålesund som storkommune burde ta utanfor eigne grenser.

At ti kommunar blei til fem, skipla balansen mellom dei fem kommunane som var att. Det utnytta nøytral-tilhengjarane aldri. Derimot framheva begge partar språkleg og kulturell identitet. Heilt grunnlaust trudde ein del innbyggjarar i byen at no måtte også dei skrive nynorsk. Nøytralitetstilhengjarane rekna seg som eit fleirtal, men kjende seg som eit mindretal. Kjensla av at ein ikkje nådde fram, gav seg uttrykk i mange utsegner om «diktatur», «tvang» og «diskriminering». Av di kommunane stod samla om intensjonsavtalen, kunne nynorskbrukarane sjå seg som ein del av eit fleirtal. Velkjende roller frå den norske språkdebatten var bytta om.

I avisspaltene og kommentarfelta frykta mange bokmålsbrukarar at deira språk var i fare, og dermed deira identitet. Alle som er i språklege mindretal, vil kjenne på dette. Litt foruretta peika bokmålsbrukarar på at også dei har sin språklege identitet. Knapt noko var lettare å ta inn for nynorskbrukarane, som difor la stor vekt på dei språklege rettane kvar innbyggjar skal ha.

Debatt på skilde arenaer

Like frå juli 2015 til desember 2019 gjekk ordskiftet i fire aviser på Sunnmøre om administrasjonsspråket i den nye storkommunen Ålesund. Ein bibliografi eg har laga, inneheld 306 artiklar og innlegg i avisene Sunnmørsposten (Ålesund), Nytt i Uka (Ålesund), Bygdebladet (Sjøholt) og Nordre (Brattvåg). Åtte av ti innlegg stod i Sunnmørsposten.

Fleire saker glei over i kvarandre. Det tok til med spørsmål om marknadsføringsspråket i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, heldt fram om administrasjonsspråket i Møre og Romsdal fylkeskommune, tok ein sving bortom kommunenamn og kommunevåpen, men handla mest om administrasjonsspråket i storkommunen.

Mangt har vore diskutert i den norske språkstriden. Trondhjem blei Nidaros i 1930 og Trondheim i 1931, men få andre debattar varte lenger enn nokre veker eller månader. Det meste handla om opplæringsspråk i skulen. På bokmålssida toppa det seg i åra 1949–54 som ein intens konflikt mellom riksmåls- og bokmålsformer i lærebøker.

Ikkje berre varte debatten lenge. Emnet har sjeldan vore drøfta grundig i eit allment ordskifte. Administrasjonsspråk i ein kommune har dei færraste diskutert utanfor kommunestyresalane. Mange kommunar anar knapt om dei har vedteke noko om dette, endå færre kva tid dei gjorde det. Vedtaka har nesten alltid handla om kva språk staten skal bruke til kommunen. I praksis har vedtaka også regulert kva dei kommunetilsette skal skrive.

239 personar publiserte nær 300 avisartiklar og ei mengd innlegg i kommentarfelta. Det er mykje. Éin av fem debattantar var kvinne, og 14 personar stod bak over 40 prosent av stykka. Få andre nynorskinstitusjonar enn Noregs Mållag viste att, og berre eit fåtal mållagsmedlemer meinte noko offentleg.

Debatten gjekk på fire skilde arenaer: folkevalde organ, avisspalter og kommentarfelt i aviser, sosiale medium, men den sistnemnde er ikkje kartlagd. Få kryssa grensa mellom avisspalte og kommentarfelt og skreiv begge stader. Kvinnene ytra seg nesten berre i kommentarfelta, og der var det langt mellom folk i posisjonar.

Ordførarkandidatane frå Høgre og Arbeidarpartiet sa kva dei meinte. Påfallande få andre kommunestyremedlemer diskuterte saka offentleg utanfor møteromma. Veljarane møtte dermed knapt dei folkevalde på sine scener i denne debatten, og dei få som var der, var i stor grad tilhengjarar av språknøytralitet. 26 av 67 i det nye kommunestyret er valde inn frå landkommunane, men ingen av nynorsktilhengjarane derifrå tok del i debatten.

Konklusjon for omkamp

Torsdag 12. desember 2019 vedtok Ålesund kommunestyre med 41 røyster mot 35 røyster dei første språklege retningslinjene. Staten skal skrive på nynorsk til kommunen, nettstad, informasjonsmateriell og ymse styringsdokument skal vere på nynorsk, alle skal få svar frå kommunen på sitt eige språk, og elles skriv dei kommunetilsette stort sett som dei vil.

I den avsluttande, korte debatten i kommunestyret forsikra fleire i mindretalet at spørsmålet om nynorsk eller «nøytralitet» ikkje var ein konflikt mellom by og land. Den meldinga kom seint, for i fleire år hadde nøytral-tilhengjarane berre vore opptekne av byen Ålesund.

Ved inngangen til 2019 hadde dei fem kommunane 5490 tilsette. Sju av ti arbeidde i Ålesund. Med visse atterhald tilseier eit nøkternt reknestykke at vedtaket i kommunestyret får mest å seie for noko slikt som 1000 tilsette som til no har skrive bokmål. Det vil seie at debatten handla om færre enn 20 prosent av dei tilsette.

Dei som snakka mest om fleirtalet av bokmålskrivande blant innbyggjarane, var altså mest opptekne av eit lite mindretal blant dei kommunetilsette. Vi som argumenterte for nynorsk – eg gjekk sjølv inn i debatten sommaren 2019 – såg knapt dette paradokset før det halvtimekorte ordskiftet i kommunestyret 12. desember brått var over.

Nøytral-tilhengjarane greidde å skape eller forsterke tvil hos mange nok av dei folkevalde til at fleirtalet vatna ut intensjonsavtalen. I den grad den offentlege debatten hadde noko å seie, utnytta nøytral-tilhengjarane særleg digitale flater og sosiale medium betre enn nynorskmiljøet.

Resultatet er ein språkblanda administrasjon med eit formelt nynorsk tyngdepunkt. Det gjer Ålesund til den største nynorskkommunen i landet. Oddmund L. Hoel viste i si doktoravhandling for ti år sidan at målrørsla fekk lite til i det urbane. Frå 2020 er byane Odda og Ålesund blitt til nynorskkommunar, og Bergen har i fleire år meint alvor med si nynorsksatsing. Slikt undergrev gjengangarargumentet i Ålesunds-debatten om at nynorsk ikkje har noko i byar å gjere.

Det kan kome godt med, for før sola snur i juni, skal Ålesund kommunestyre vedta ein språkbruksplan. Då kjem den første omkampen.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

239 personar publiserte nær 300 avisartiklar og ei mengd innlegg i kommentarfelta. Det er mykje.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis