JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Spørsmål om tillit

Blir skandaleåret 2023 slutten på ein særnorsk naivitet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sindre Finnes og daverande statsminister Erna Solberg røysta ved Skjold skole i Bergen i stortingsvalet 2021. Aksjespekulasjonen til Finnes har ført til ei krise for Solberg og Høgre.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

8536
20230922
8536
20230922

Politikk

peranders@dagogtid.no

I norsk politikk er 2023 med dei mange skandalane. To statsrådar har gått av på grunn av inhabilitet, to andre har vore i alvorlege problem for liknande saker, ein partileiar gjekk av etter eit brilletjuveri. I skrivande stund er det uvisst kva konsekvensar aksjespekulasjonen til Sindre Finnes får for ektefellen, Høgre-leiar Erna Solberg. Og det er òg uvisst kva alle desse sakene gjer med tilliten til politikken i det heile.

Nordmenn er av dei folka i verda som har aller mest tillit til regjeringa og lovgjevarane, skal vi tru spørjeundersøkingane. Dette har vore sett på som ein styrke ved det norske demokratiet. Men kan den same tilliten òg vere ein veikskap som gjer samfunnet og demokratiet sårbart?

Ingen reglar

Dei prinsipielle sidene ved investeringane til Finnes vart løfta fram alt i 2014. Da publiserte NRK.no ein artikkel med tittelen «Solbergs ektemann nekter å offentliggjøre aksjeinvesteringer». På det tidspunktet visste journalistane berre at han eigde aksjar i Norsk Hydro for litt over 60.000 kroner, og Finnes sjølv nekta å fortelje noko meir om investeringane sine. «Det finnes ikke noe regelverk for at jeg skal oppgi den informasjonen», sa Finnes til NRK den gongen. Det stemde, og slik er det enno: Statsrådar og stortingsrepresentantar skal oppgje økonomiske interesser til eit offentleg register, men livspartnarane deira slepp.

Likevel burde Finnes ha fortalt om investeringane sine, sa korrupsjonsforskaren Tina Søreide til NRK i 2014. «Vi i Norge skal føle oss trygge på at folkevalgtes personlige økonomi ikke kan påvirke politikernes beslutninger. Derfor er det relevant informasjon for offentligheten hvilke investeringer Finnes har gjort», sa Søreide.

Mistanke

Nils-Henrik M. von der Fehr, professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo, var samd med Søreide. «Jeg tror det er bedre både for statsministeren og for oss at Finnes økonomiske interesser er allment kjent», sa han til NRK.

«Det kan tenkes å få betydning for hva statsministeren velger å gjøre i enkeltsaker. Det er ikke ofte Stortinget fatter vedtak som har direkte betydning for et enkelt selskap, men det kan skje», sa von der Fehr.

Det som har kome fram dei siste dagane, har aktualisert utsegnene frå 2014. Og han har ikkje endra syn.

– Eg uttalte meg mest på prinsipielt grunnlag den gongen, og hadde ikkje sett for meg at denne saka skulle bli så stor. Men når ein ikkje er open om slike ting, kan det fort oppstå mistanke om at ei blandar private interesser og interessene til fellesskapen, seier von der Fehr til Dag og Tid.

Han undrar seg over at Erna Solberg sjølv ikkje har vist meir aktsemd, sidan dei moglege problema hadde vore kjende så lenge.

– Det må jo ha blinka nokre varsellamper undervegs. Ho må ha trudd på ektefellen da han sa at alt var i orden. Men sidan det har kome klare råd om dette sidan 2013, er det rart at ho ikkje gjorde meir for å forsikre seg.

– Kor mykje kan ein vente at politikarane skal følgje med på kva partnarane gjer?

– Det er lett å skjøne at dei ikkje har lyst til å spørje ektefellen: «Har du handla aksjar i dag?» Men det er nett difor vi treng reglar om offentleg innsyn. Da slepp dei å gjere det.

Lite medvit

Saka med Solberg og Finnes er spesiell, men òg eit døme på større problem i det politiske systemet, meiner von der Fehr.

– Det verkar som medvitet om faren for korrupsjon er ekstremt lågt. Da sakene med falske reiserekningar og misbruk av stortingshusvære byrja å kome, vart det ikkje umiddelbart rydda opp i. Det tyder på manglande forståing for korleis ting bør vere.

– Det har lenge vore sett på som ein styrke for Noreg at så mykje har vore tillitsbasert?

– Det er ein sympatisk tanke. Og vi kan ikkje regulere alt. Men skal du ha eit tillitsbasert system, må du òg ha eit godt regelverk som fangar opp eventuelle problem. Dette er ingen motsetnad. Vi har ikkje lovar og reglar fordi vi trur at alle er bandittar.

– Meiningsmålingar tyder på at nordmenn framleis har høg tillit til Stortinget og det politiske systemet?

– Ja. Men om det blir for mange saker som dei vi har sett i år, trur eg òg at tilliten til institusjonane blir svekt, seier von der Fehr.

Tillitsbasert

Kan det tenkjast at tillitsbaserte system endar opp med å svekkje tilliten til politikarane? NRK-saka om investeringane til Finnes i 2014 viste til ein rapport laga av Group of States Against Corruption (Greco), eit organ under Europarådet som gjev europeiske statar råd om tiltak mot korrupsjon. Eitt av tiltaka Greco tilrådde for Noreg på den tida, var å registrere økonomiske interesser også for familiane til leiande politikarar. Eit anna forslag var å ettergå opplysningane som stortingsrepresentantane gav om eigne økonomiske interesser. Denne rapporteringa har dei folkevalde hatt ansvar for sjølve.

Men Svein Roald Hansen (Ap), som var andre visepresident på Stortinget i 2014, var skeptisk. «Jeg vil heller ha et samfunn basert på tillit enn et samfunn hvor vi skal kontrollere alt ned til minste detalj», sa han til NRK i 2014.

Hansen leidde da ei arbeidsgruppe som skulle vurdere tilrådingane frå Greco om tiltak for å førebyggje korrupsjon. Fleire av innspela vart tekne til følgje, men ikkje rådet om at ektefellane til leiande politikarar burde oppgje dei økonomiske interessene sine til eit register. Det var problematisk å «inkludere mennesker som ikke er valgt til Stortinget og som ikke har valgt å eksponere sin privatøkonomi», sa Hansen. Det meiner han framleis.

Spesiell sak

– Vi gjorde ei avveging og kom fram til at vi ikkje ville innføre noko slikt. Partnarane til politikarane har rett til å få vere utanfor søkjelyset. Det omsynet vog tyngre for oss enn omsynet til kontroll, seier tidlegare stortingsrepresentant Svein Roald Hansen til Dag og Tid.

– I 2014 sa du til NRK: «Folkevalgte har bare én sanksjonsmyndighet, og det er velgerne»?

– Ja, som stortingsrepresentant står du ikkje ansvarleg overfor andre enn veljarane.

– Dei mange sakene med misbruk av stortingshusvære, reiserekningar og anna har vel vist at det finst andre sanksjonar?

– Ja, om du ikkje følgjer lova, blir du jo straffa.

– Har nordmenn vore for naive i tilliten til dei folkevalde og partnarane deira?

–?Nei, eg synest ikkje det. Saka med Finnes og Solberg er heilt spesiell, vi har ikkje hatt noka tilsvarande sak. Og vi veit ikkje om det er snakk om innsidehandel i denne saka. Om det ikkje har vore innsidehandel, har det ikkje skjedd noko ulovleg.

–?Saka med Solberg og Finnes er ikkje unik. For nokre veker sidan var det ei liknande sak med utanriksministeren og mannen hennar?

–?Ja, men eg kjenner ikkje til fleire.

–?Vi veit vel ikkje kor mange slike tilfelle det kan ha vore tidlegare, sidan innsynet har vore avgrensa?

–?Nei, det veit vi ikkje. Men eg vil i alle fall ikkje seie at vi har vore for naive, seier Svein Roald Hansen.

Arroganse

Guro Slettemark er heilt usamd med Hansen. Ho er generalsekretær i Transparency International Norge, den norske avdelinga av ein internasjonal organisasjon som arbeider mot korrupsjon.

– Tilliten i Noreg har alltid blitt sett på som vår styrke. Men kanskje er han i ferd med å bli ein veikskap, seier ho.

– Tillit kan skape blindsoner, og gjere at vi ikkje klarer å sjå oss sjølve med eit kritisk blikk. Det er ein slags arroganse i det. Vi må sjå at vi treng reglar og rutinar som styrkar integriteten til det politiske systemet.

At presidentskapen i Stortinget tok omsyn til personvern og privatliv, og ikkje ville stramme inn ettersynet med økonomien til toppolitikarane og partnarane deira, var i seg sjølv forståeleg, meiner Slettemark.

–?Men når vi no ser dei store problema og tillitstapa dette har ført til, blir vi nøydde til å sjå på dette på nytt. Det høyrest fint ut med eit tillitsbasert system. Men verda endrar seg, og vi treng truleg nye reglar. Det var kanskje ikkje så mange ektefellar som dreiv med daytrading for 20 eller 30 år sidan.

Til sjuande og sist dreiar det seg om å ta vare på demokratiet, meiner ho.

–?Det handlar om å sikre ei open og truverdig behandling av saker i storting og regjering. Særinteresser skal ikkje få fortrinn framfor fellesskapsinteresser. Og vi treng reglar som hindrar det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har ikkje lovar og reglar fordi vi trur at alle er bandittar.

Nils-Henrik M. von der Fehr,
professor i samfunnsøkonomi

– Tilliten i Noreg har alltid blitt sett på som vår styrke. Kanskje er han i ferd med å bli ein veikskap.

Guro Slettemark,
Transparency International

Fleire artiklar

«At diktaturene Kina og Russland skulle bli noen gode og frelsende partnere for resten av verden siden Vesten lot dem i stikken, står ikke til troende», skriv Jon Haugen.

Foto: Sergei Guneev / Reuters / NTB

Ordskifte

«At diktaturene Russland og Kina skulle ha noen historisk rett til å hevne Vestens urett gjennom hundreårene, er helt absurd.»

JonHaugen

«Carta marina» av svenske Olaus Magnus (1490–1557) vart publisert i Venezia i 1539, eit av dei tidlegaste karta over land og hav i Norden.

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Nord-Noreg slik du aldri har sett det før

I kamp med tida og alvorleg sjukdom rakk Terje Øiesvold så vidt å fullføre og få ut livsverket sitt, ei bok det knapt finst maken til her i landet. Men då utstillinga hans opna, var livet over.

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis