JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ti år utan tilsyn

Investeringane til Sindre Finnes har vore oppdaga og gløymde meir enn éin gong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5070
20230922
5070
20230922

Politikk

peranders@dagogtid.no

Det er lett å vere etterpåklok, men i blant kjem ein ikkje unna. Finnes- og Solberg-saka handlar no i stor grad om eitt spørsmål: Burde Erna Solberg, partileiinga i Høgre eller for den del Statsministerens kontor ha gjort meir for å sjekke om Sindre Finnes faktisk snakka sant om aksjeinvesteringane sine? Det kjem an på auget som ser. Men det har i alle fall vore ein del høve til å gjere det.

Den første varsellampa blinka for ti år sidan, ikkje lenge etter at Erna Solberg og Høgre hadde vunne regjeringsmakta. I eit notat til Finnes skreiv ekspedisjonssjefen ved Statsministerens kontor (SMK) 10. oktober 2013: «Ektefellens handel med aksjer vil etter vårt syn skape utfordringer for påtroppende statsminister.»

Det kunne vere vanskeleg å halde seg løpande orientert om aksjehandelen til Finnes. Dermed ville det vere «vanskelig å ha oversikt over porteføljens betydning for hennes habilitet i behandlingen av saker i regjeringen», skreiv SMK til Finnes.

Dette vart inga sak i media i 2013. Notatet vart ikkje offentleg kjent før VG fekk innsyn og skreiv om saka 8. september i år.

Nekta å svare

Den neste gongen det vart reist spørsmål om aksjehandlinga til Finnes, var det NRK som spurde. I november 2014 kom artikkelen «Solbergs ektemann nekter å offentliggjøre aksjeinvesteringer», som alt er omtalt i dette nummeret av Dag og Tid. På dette tidspunktet visste NRK berre at Finnes hadde ein del Hydro-aksjar, og han ville ikkje fortelje om han eigde aksjar i andre selskap.

Men denne saka vart ikkje følgt opp. I 2014 fanst det ikkje noko offentleg aksjonærregister der ein kunne sjekke aksjeeigarskap. Først året etter fekk Noreg eit slikt register, etter ein to år lang kamp frå ein journalist i Kommunal Rapport. Både Finansdepartementet og Skattedirektoratet stritta imot. Men Sivilombodsmannen skar til slutt gjennom, og aksjonærregisteret vart opna. Snart kom det ei rekkje saker i media om aksjeinvesteringane til politikarar og toppbyråkratar, og om habilitetsproblema investeringane deira kunne føre til.

Bompengar

Rett før stortingsvalet i 2017 kom ei påminning om at privatøkonomien til leiande politikarar ikkje var ei privatsak. VG avslørte at Jonas Gahr Støre hadde investert ein del av formuen sin i eit såkalla hedgefond med kontor i skatteparadiset Caymanøyane. Dette tok seg svært dårleg ut for ein leiar av Arbeidarpartiet. Valkampen til Støre spora av, og Ap tapte valet. Statsminister Erna Solberg var på si side heilt open om eigne investeringar i fond, og sa til E24 at temaet var «helt uproblematisk» for ho å snakke om.

I september 2017 byrja Dagbladet å sjå på aksjeinvesteringane til Sindre Finnes og fann ut at han hadde aksjar for 1,5 millionar kroner i 18 ulike selskap ved inngangen til året. Dagbladet gjorde dette til ei «liv og lære»-sak. Finnes hadde investert i selskapet Q-Free, som laga betalingssystem for bompengar. «Statsministerens ektemann setter pengene sine i bompenge-Norge», var tittelen.

Finnes forsvarte investeringane sine overfor Dagbladet. Det same gjorde Erna Solberg, som forsikra at alt var i orden. «Jeg er opptatt av å være ryddig og derfor har vi gjort vurderinger av hans aksjeinvesteringer for å være sikker på at ingen av disse er slik at de påvirker min habilitet», skreiv statsministeren i eit svar til Dagbladet. Etter denne saka fortalde Finnes til SMK at han skulle selje det meste av aksjane og plassere pengane i fond, skreiv VG 15. september i år.

«Faktasjekk»

Investeringa til Finnes i Q-Free vart trekt fram att i 2019, da bompengemotstanden var på sitt mest intense. Dagbladet-artikkelen frå 2017 vart mykje delt på Facebook, og i kommentarfelta til ei av protestgruppene skulda mange ekteparet Finnes og Solberg for å blande politikk og privatøkonomi: «Ekteparet tjener grovt på Ernas politiske beslutninger», heitte det mellom anna.

Påstandane om samrøre fekk slik spreiing at Faktisk.no tok dei opp til vurdering i juli 2019. Via eit e-brev frå Statsministerens kontor fortalde Finnes at han hadde selt seg heilt ut av selskapet Q-Free. «Nei, mannen til stats­mi­nis­teren tjener ikke penger på bomsta­sjoner», vart tittelen på saka til Faktisk.no.

Faktasjekkarane var òg i kontakt med statssekretær Rune Alstadsæter, som fortalde at Finnes «ikke er pålagt å rapportere om kjøp og salg av aksjer til Statsministerens kontor».

Etter dette vart det stille att om investeringane til Finnes. Så kom dei alvorlege habilitetssakene i regjeringa i år. I juli måtte forskingsminister Ola Borten Moe måtte gå av fordi aksjehandelen hans var i strid med habilitetsreglane. I august fortalde utanriksminister Anniken Huitfeldt at aksjehandelen til mannen hennar hadde gjort ho inhabil ved fleire høve. Interessa for temaet var vekt til live att. Og 31. august publiserte E24 ei sak med tittelen «Sindre Finnes kjøpte og solgte aksjer da Erna Solberg var statsminister».

Resten av tidslina er framleis i rørsle, og blir skriven frå dag til dag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis