Politikk
Sosialisme i ein stat, kanskje ...
Raudt skyt med skarpt til alle kantar. Kva dei vil treffa, er usikkert.
Raudt ynskjer å leggja ned oljenæringa, men fyrstekandidat i Rogaland Mimir Kristjánsson driv valkampt der han legg vekt på kor viktig oljenæringa er.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Alle norske stortingsparti er demokratiske, men nokre er ekstra demokratiske, sa kanskje kamerat Napoleon: «Rødt jobber for et samfunn som er mer demokratisk enn dagens, et samfunn hvor de store beslutningene blir tatt i fellesskap. Vi kaller dette et sosialistisk samfunn», skriv Raudt i byrjinga på arbeidsprogrammet.
Og kvifor vil dei at fellesskapen skal få meir makt?
«For Rødt er kampen mot klasseskillene i Norge og verden den aller viktigste. Hele dette arbeidsprogrammet tar mål av seg å bekjempe Forskjells-Norge: å redusere forskjeller i makt, inntekt, rikdom, muligheter og frihet som er innbakt i det nasjonale og det internasjonale klassesamfunnet og som forsterkes av geografisk sentralisering.»
Men kva er «de store beslutningene»? Det er eit godt spørsmål. Her er mitt svar: Innanfor eit kapitalistisk samfunn, med eigedomsrett, kontraktsfridom, rettstryggleik og fri flyt av menneske, er dei verkeleg store avgjerdene som driv dei økonomisk skilja, individuelle. Det er faktisk så trist at det meritokratiske utdanningssamfunnet er sjølve drivaren for både sentralisering, skilnader og makt.
Klassereisa
Korleis ser ei typisk norsk «klassereise» ut? Før starta ho kanskje med at ein bondeson drog til Noregs tekniske høgskule (NTH) og utdanna seg sivilingeniør. Seinare trefte bondesonen kan henda ei jente som studerte medisin og også var frå bygda. Dei gifta seg, bygde hus i eit godt strok, kanskje Oslo vest, Asker eller Bærum. Dei fekk tre born, kjøpte seg hytte, far sparte gjerne litt i aksjar, mor fekk ein stor statsgarantert pensjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.