Økonomi
Sosialisme for dei rike
Statlege lånegarantiar støtta opp under utbytefesten i riggselskapet Seadrill. Festen er over, og kollapsen til selskapet kan koste Noreg fleire milliardar kroner.
John Fredriksen tente fleire milliardar kroner på Seadrill i dei gode tidene. Her er han fotografert på den årlege julelunsjen sin for vener og familie på Theatercafeen i Oslo.
Foto: Ole Berg Rusten / NTB
Kapitalismen har ikkje noko fedreland, og ein god representant for den grenselause kapitalismen er John Fredriksen, verdas rikaste norskfødde Kypros-borgar, som flagga ut seg sjølv, formuen og flåten sin frå Noreg for mange år sidan. Likevel må den norske staten no truleg bla opp fleire milliardar kroner for å dekkje tap i den havarerte riggkjempa Seadrill.
Dette selskapet er Bermuda-registrert av skatteomsyn og var ei utbytemaskin for Fredriksen i ei årrekkje fram til oljeprisfallet i 2014. Gjennom Garantiinstituttet for eksportkreditt (Giek), ein etat under Næringsdepartementet, stilte den norske staten i ei årrekkje opp som garantist for Seadrill, for å stimulere selskapet til å kjøpe offshoreutstyr frå norske produsentar.
No er riggselskapet døden nær og har søkt om konkursvern i USA for å hindre at kreditorane riv selskapet sund. Seadrill er knua av 48 milliardar kroner i gjeld, og som garantist ligg den norske staten an til å måtte dekkje sin del av tapet. Kor mange milliardar det blir, veit ingen enno.
Rik onkel
Til saman har Giek garantert for nesten 23 milliardar kroner i lån i samband med Seadrill-kontraktar, får Dag og Tid opplyst frå seniorrådgjevar Vegard Engebret Ørstad, men storparten av dette er dekt inn tidlegare. Giek vil ikkje oppgje kor mykje av desse låna som framleis ikkje er betalte, men Ørstad skriv på e-post at det er «et betydelig beløp». Ifølgje Dagens Næringsliv skal det vere snakk om 6,7 milliardar kroner.
At Seadrill og storeigar John Fredriksen skulle trenge staten som rik onkel, kan i seg sjølv verke rart: Sjølv etter store verdifall i nokre av selskapa hans dei siste åra, hadde Fredriksen i fjor ein formue på kring 104 milliardar kroner, ifølgje bladet Kapital. Men det må seiast: Seadrill har ikkje gjort noko gale i denne saka. Selskapet har berre teke imot eit hyggjeleg tilbod frå den norske staten, på lik line med ei rekkje andre offshoreselskap. Det er sjølve ordninga med statlege lånegarantiar som er interessant å sjå nærare på, no når Seadrill ligg på det siste og kausjonisten Noreg truleg må bla opp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.