SnømokingDet er ingen løyndom. Den einskildårsaka som fører til flest hjarteinfarkt hjå mellomaldrande og eldre, er snømoking. «Vi vet at det i våre nordiske land er høyest forekomst av akutte hjerteinfarkt på den kaldeste tiden av året. (…) Det er veldig

Publisert

Det er ingen løyndom. Den einskildårsaka som fører til flest hjarteinfarkt hjå mellomaldrande og eldre, er snømoking. «Vi vet at det i våre nordiske land er høyest forekomst av akutte hjerteinfarkt på den kaldeste tiden av året. (…) Det er veldig sannsynlig at mye av denne effekten skyldes virkningen av kulde på blodtrykket», seier Helge Istad, som er spesialist i indremedisin til nettstaden ABC.

«Snømåking, særlig måking av tung våt snø, er en meget tung fysisk aktivitet. Det er ikke få personer som har fått sitt første hjerteinfarkt etter slik aktivitet», legg han til og fortel at blodårene trekkjer seg saman i kulde. Det skal heller ikkje leggjast skjul på at underskrivne går på betablokkarar, rett nok i låg dose.

«Men læll!» som Trine Skei Grande plar seia.

Eg har ansvar for å få bort snøen på eit område som dekkjer vel 200 kvadratmeter. Difor kjende eg på ei viss uro då eg kom heim att no tysdag. Det hadde kome 35 cm nysnø. Heldigvis kom dotter mi på femten heim samstundes som eg. Eg gav klar ordre.

– Du må nok moka. Eg må hjelpa veslebror din med leksene. Dessutan har eg ikkje blodtrykk til slikt.

Så gjekk eg inn. Det gjekk eit kvarter. Ei rasande dotter kom inn. «Se hva du har gjort med uggs-ene mine!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement