Snart er tida ute

Ikkje eingong klimaforskarar har teke inn over seg alvoret, seier forskingsdirektør Bjørn Hallvard Samset etter FNs siste klimarapport.

Publisert

FNs klimapanel har kome med ein ny rapport som kan taka nattesøvnen frå dei fleste. Bjørn Hallvard Samset er fysikar og forskingsdirektør hjå Cicero.

– Kva seier rapporten?

– Han seier at om vi skal kunne gjera oss noko som helst von om å nå 1,5-gradersmålet, eller for den del 2-gradersmålet, må utsleppa dramatisk ned og dramatisk fort. Rapporten handlar rett nok ikkje i hovudsak om 2 grader, men dei skriv om det òg. Og dei er like tydelege på båe punkt. Men om vi skal nå 2 grader i staden for 1,5 grader, kan vi kan henda basera oss på teknologi som gjev negativt utslepp litt lenger fram i tid. Men den teknologien finst ikkje i dag.

– Men det vert litt «ulv, ulv», dette. Rundt 1990 hadde vil vel berre sju år, og WWF snakka om fem år i 2007. Det har vore mange åtvaringar?

– Eg ser den. Men det verkeleg store høvet til å kutta i utsleppa var i 1990-åra. Om dei same personane i FNs klimapanel skulle ha skrive på grunnlag av dei same premissane no som då, hadde dei truleg konkludert med at det var for seint no – at utviklinga har kome altfor lang. Men saka er at kvart einaste kutt er eit gode samanlikna med ikkje å kutta. For alle utslepp fører til at kloten vert varmare der framme.

– Det har vore ei stor satsing på fullskalalagring både i Canada, USA, Nederland, Skottland og England. Dei har ikkje lukkast. Likevel løyver regjeringa no meir til forsking på lagring. Held vi oss med illusjonar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement