Leiar

Sløsing

Det er merkeleg at debatten om sløsing ser ut til å vere eit nesten eksklusivt høgresideprosjekt.

Særleg Frp-leiar Sylvi Listhaug snakkar om sløsing av offentlege middel under årets valkamp. Her i samtale med statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
Publisert

Stortingsvalkampen er i gang, og dermed òg debatten om offentleg forbruk – for ikkje å seie overforbruk eller sløsing. Temaet fengjer. Boka Landet som ble for rikt av Martin Bech Holte vart raskt ein bestseljar då ho kom ut tidlegare i år. Holte, samfunnsøkonom med bakgrunn frå det private næringslivet, argumenterer for store kutt i offentlege utgifter, med tilhøyrande skattekutt. Ikkje lenge etterpå kom motboka, Kampen om verdiene av historikar Ola Innset, som på si side forsvarar ein sterk velferdsstat. Dei to bøkene vert, ikkje overraskande, applauderte på kvar si side av den politiske aksen.

Også i sosiale medium har enkelte påverkarar spesialisert seg på å kritisere offentleg sløsing. Til dømes stiller Sindre Wiig Nordby stadig spørsmål som: «Topplederne sløser med skattepengene våre – hvorfor får de lov?» I den pågåande valkampen har Frp-leiar Sylvi Listhaug varsla kamp mot det ho kallar Arbeidarpartiets sløsing.

Offentleg sløsing er i sin natur provoserande, fordi midlane er henta frå vårt felles spleiselag, med påfyll frå sparepengane vi alle har i oljefondet. Stadige drypp som vitnar om offentleg sløsing, anten det er i sosiale eller i redaktørstyrte medium, medverkar til både mistillit og politikarforakt. Med det som utgangspunkt er det merkeleg at debatten om sløsing ser ut til å vere eit nesten eksklusivt høgresideprosjekt.

Med den heilt nødvendige satsinga på forsvar og eldreomsorg som ligg framfor oss, bør offentleg sløsing verte eit vonde alle politiske parti bør bry seg om og gjere noko med. For om vi tillèt sløsing, vil vi ende opp med å måtte kutte i goda vi treng. Over heile landet ser vi til dømes kommuneadministrasjonar foreslå skulenedleggingar, truleg for å finansiere eit aukande omsorgsbehov.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement